|
|
 |
Klart for Erik Håker Cup på Oppdal komande helg
Skrive av:
Magne Tøsse Innlagt den 01.03.2010
Stordal Alpin stiller med 16 løparar til fartsrenna i Vangslia laurdag og søndag. Frå onsdag til fredag går også Midtnorsk Fartsveke i same løypene og mange av løparane deltek også der. Vandrepokalen som går til beste klubb er pokalen som Erik Håker mottok etter sin 3.plass i utforrennet i Kitzbüel sin en del år tilbake. Vi gleder oss stort til rennhelg på Oppdal! Sjekk Oppdal Alpin for meir info
Dette er også dei siste kvalik-renna til Hovedlandsrennet og Landsfinalen. Uttaket til desse vil verte gjort i løpet av helga, slik at vi på måndag vil kunne offentleggjere kven av Stordal sine løparar som er kvalifiserte til desse uoffisielle Norgesmesterskapa i alpint. Hovedlandsrennet for 14-15 åringar på Hafjell starter fredag 12.mars, medan Landsfinalen/Alpin landscup for 12-13 åringar starter på Oppdal fredag 26.mars. Her er heimesidene til arrangørane HAFJELL Hovedlandsrenn 2010 og Oppdal Landsfinale 2010
|
|