|
|
 |
Klart for barmarkssamling på søndag
Skrive av:
Hallgeir Hove Innlagt den 18.11.2010
Førstkomande søndag skal store og små alpinistar samlast i Stordalshallen. Til liks med tidlegare samlingar vert det fleire kjekke aktivitetar og også denne gongen avsluttar vi med felles mat og bilder på storskjermen i grendasalen.
I sms tidlegare i dag, gjekk det ut melding om at detaljert program skulle presenterast på heimesida i kveld. Det detaljerte programmet med gruppeinndeling og anna, vert deriomt først presentert i morgon. I løpet av kvelden vil vi ha oversikt over kven som vert med og dei siste detaljane vil falle på plass.
Vi kan likevel alt no "røpe" at ein kjem til å få prøve seg både i klatreveggen og på skytebana, i tillegg til andre kjekke aktivitetar. Vidare vil Einar Vegsundvåg vere på plass for å instruere i turn/koordinasjon.
Det heile startar kl 11.00 og etter planen vil vi halde på fram mot kl 16.00.
Fleire detaljar i løpet av morgondagen.
|
|