Stordal IL

Jørgen Vinje Tøsse raskast tid av våre i dagens Super-G i Hemsedal

Skrive av: Magne Tøsse
Innlagt den 24.11.2010

Erika H Tøsse vart nr 39 av 122 damer. Jørgen nr 107 av heile 164 herrer på start. Vegard Busengdal nr 112. Halvparten av dei startande var utanlandske løparar! Blant dei norske deltakarane vart Erika nr 17, Jørgen nr 46 og Vegard nr 50.

Erika med ein meget bra 2.omgang der ho knappa inn avstanden til vinnaren med over eitt sekund. Jørgen køyrde sin første SuperG på nesten 2 år, og for han var dagens køyring ein fin opptur. Vegard hadde nok håpa på litt betre køyring og var nok ikkje heilt fornøgd. Når det gjeld våre 3 så er dette første gong i haust at dei har fartsskia på beina, så grunnlaget for å hevde seg i denne disiplinen var nok ikkje det beste. I midten av januar er det Fartsveke på Hafjell med innlagt NM for junior I. Då vil sjansane for endå sterkare køyring vere betre vil vi tru. Uansett så var dette ei god erfaring å ha med seg for dei alle.

No ser vi fram til kveldens slalåm, der vi veit at våre trivst endå betre.... Rennstart først kl.16 onsdag ettermiddag.

Resultater kjem her

Jørgen gjorde eim fin konkurranse i Hemsedal tirsdag

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel