Stordal IL

Tre Stordalsløparar kalla inn til Ungdomslagssamling i Skiforbundets-regi

Skrive av: Magne Tøsse
Innlagt den 10.01.2008

Jørgen på si første Ungdomslags-samling - Erika og Vegard uttekne

på nytt

Norges skiforbund skal ha samling for 93 til 95 årgangane på Ål i Hallingdal 21.- 25.januar. Stordal Alpin har fått med heile 3 løparar og er med det faktisk 4.største klubben totalt, målt i antall deltakarar.

Dette er ei fartssamling og det er løparar frå heile Norge som har vore med i vurderinga for uttak. Frå Narvik i nord til Kristiansand i sør spenner deltakerlista seg.

Vegard og Erika har vore inne på laget et par års tid, saman med Adrian som ikkje kom med på akkurat denne samlinga. For Jørgen sin del er dette den aller første gong han skal vere med, så det var veldig kjekt for han med denne beskjeden.

Ellers er Møre og Romsdal sterkt representert med heile 7 gutar og 2 jenter. Derav altså 1/3-del frå Stordal.

Vi ønsker løparane lykke til under dagane på Ål!

Jørgen Erika og Vegard klar for samling i Norges skiforbunds regi. (PS oppdaterte bilder kjem med det første :):):) vskå result her

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel