|
|
 |
Ingrid bronse under Landsfinalen på Kvitfjell!
Skrive av:
Magne Tøsse Innlagt den 31.03.2008
Ingrid tok ein knallsterk bronsemedalje i Storslalåm under Landsfinalen for 13 åringar på Kvitfjell på laurdag!
Blant Norges 60 beste jenter i klasse 13 år, klatra Ingrid opp på pallen, og sikra STORDAL ALPIN nok ein medalje i eit nasjonalt norsk mesterskap. Ingrid har jobba veldig målbevisst og godt i heile år og fekk fram ein formtopp akkurat når den skulle komme. Ein medalje i dette selskapet er ein meget sterk prestasjon.
Vi gratulerer Ingrid så mykje med den flotte bronsemedaljen!
Også i Super-G fredag tok ho ein flott 7.plass, medan ho desverre køyrde utanfor ein port og vart diska i søndagens slalåm. Også her køyrde ho meget bra inntil uhellet inntraff.
Resultata finn du foreløpig under
http://www.rfil.no/index.php?sideID=149&side=telenorlekene_2008
|
|