Stordal IL

Gull til Mathilde, sølv til både Andrea og Ingrid!

Skrive av: Hallgeir Hove
Innlagt den 25.04.2010

Etter fredagens strålande resultat av våre tre unge løparar i Hemsedal, er det ikkje til å legge skjul på at vi hadde store forventningar framfor dagens storslalomrenn. Men når meldingane frå Hemsedal "tikka inn" var innhaldet i disse nesten for gode til å vere sant. Mathilde Vinje Øvrebust gjekk nemleg heilt til topps i 11 års klassa og både Andrea Vinje Tøsse (klasse 12-13 år) og Ingrid Busengdal (klasse 14-15 år) køyrde inn til sølv! Her er resultata: SSL søndag SL laurdag

Stordal Alpin stilte altså med 3 løparar under dei to renna og slik sett kunne dei i teorien ha muligheit for 6 pallplasseringar. Når dei flotte representantane for klubben vår kjem heim rundt midnatt, har dei med seg 5! Fantastisk!!

Liten tvil i at dei sterke prestasjonane til våre vart lagt merke til og sjølv om det ikkje vart delt ut nokon premie til beste klubb denne gongen, var det ganske så klart kven dette var! Iallefall i forhold til antall deltakarar...

Vi er særs stolte av jentene våre og ynskjer dei velkomne heim!

Seint tirsdag kveld legg vi ut fleire flotte bilder av våre saman med landslagsstjernene, bl a Aksel Lund Svindal, Lars Elton Myhre og søstrene Løseth.

Mathilde heilt til topps under storslalomen i Hemsedal! (arkivfoto)

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel