Stordal IL

Gratulerer Vegard med 2.plass og Erika med 3.plass på Oppdal idag!

Skrive av: Magne Tøsse
Innlagt den 04.01.2012

Flott innsats av våre to i dagens FIS-renn i slalåm. Vegard igjen med bestetid av samtlege i finaleomgangen og berre Simon Ruud var framfor Vegard til slutt blant dei 98 herrane. Erika med to gode omganger og dermed pallplassering også for henne. Kjekt etter at ho tryna krftig under tirsdagens storslalåmrenn i Åre og var ganske mørbanka før dagens renn. Ingrid desverre ut i 1.omgang medan Kristina låg oppe på ein fin 28.plass etter første omg, men rauk desverre ut i finalen. Vi gratulerer også dei unge Stranda-løparane Christoffer Ryste og Magnus Mork med hhv 35. og 40.plass og med fine FIS-punkter på 92 og 96! Resultater Oppdal. og FIS-res med punkter etterkvart her . Torsdag er det nye renn på Oppdal som du kan følge direkte her ...

Vegard og Erika kan smile etter pallplasseringer paa Oppdal idag!

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel