God deltaking og fleire gode resultat under Solbakken Cup.
Skrive av:
Hallgeir Hove Innlagt den 29.03.2010
Solbakken Cup er eit flott arrangement både for liten og stor, der ikkje minst all den gode maten som vert servert gjer at oss vaksne ser ekstra fram til dette arrangementet kvart år. Men veret var dessverre ikkje det aller beste denne dagen.
Ein laurdag med strålande sol vart nemleg avløyst av ein dag som starta med tåke og snøver. På morgonen var veret ganske så guffent, men utover dagen vart det heldigvis berre betre og betre. Dei vanskelege føreforholda gjorde at arrangørane måtte korte ned løypa for løparane i klasse 9 og 10 år. Dei måtte difor starte frå samme stad som klasse 8 år og yngre. Forholda var betre i lang løype, men også der var det krevjande køyreforhold.
Stordal Alpin stilte med ei stor tropp, sjølv om dei beste i klasse 12 og 13 år var på Oppdal opptekne med Landsfinale (sjå eigne reportasjar) og både Vegard og Jørgen, med fleire, var blitt sjuke.
Det vart vist mykje god køyring og ein vil trekkje særskilt fram Kjetil Holand Tøsse sin sterke 2. plass i klasse gutar 14. og 15. år. Dette er ei klasse med mange sterke løparar (21 i klassa på startstreken!). Her køyrde i tillegg Olav-Rune Bratland inn til ein 10. plass.
Ingrid Busengdal gjekk til topps i klasse jenter 14. og 15. år. Ekstra stas var truleg 3. plassen til Amanda Nygård i klasse jenter 12. og 13. år. Ikkje nok med at det vart pallplass på Amanda, ho sikra seg også den jevaste trekkepremien på Stranda. Eitt splitter nytt par storslalomski vart det på ho.
Våre to jenter i klasse 11 årsklassa har gjort sine saker særs godt den siste tida og køyrde også godt på Stranda, men både Julie Olsen Almås (2. plass etter 1. omgong) og Mathilde Vinje Øvrebust, var uheldige i 2. omgong.
Mykje god køyring også blant våre yngste løparar og sjølvsagt stor stas å få medalje overrekt av Bjarne Solbakken sjølv.
Vi gratulerer Ørsta Alpin med vandrepokal for beste klubb under Solbakken Cup 2010 og takk til arrangørane for eit flott gjennomført arrangement.
Sjå fleire bilder frå Solbakken Cup 2010, i bildegalleriet vårt. (dei nyaste galleria finn du nederst) Ta gjerne også ein kikk på menyvalet der du kan lese ein del av dei mange medieomtalane relatert til Stordal Alpin. (det blir garantert ikkje dei siste...)
Resultat Solbakken Cup 2010
|