|
|
 |
Glimrande føreforhold under første samlingsdagen
Skrive av:
Magne Tøsse Innlagt den 29.10.2010
Frost natt til fredag gjorde at Bjorli kunne vise fram ein meget imponerande bakke då ein spent Stordals-gjeng ankom idag tidleg. Etter 5 travle timar i bakken viste knapt spora etter løparane! Veret vart litt småsurt etter lunsj, men det hindra naturlegvis ikkje våre i å stå på økta ut. Stor framgang hos dei fleste utover dagen. No ser alle fram til laurdagen og forhåpentlegvis nok ein fin treningsdag på Bjorli.
|
|