Følg Vegard direkte her tirsdag frå kl.10.00
Skrive av:
Magne Tøsse Innlagt den 20.12.2011
Siste: Vegard køyrde ut i 1.omgang idag. Men med nest beste tid i 2.omg viser han kva nivå han held for tida. Gratulerer til
Magnus Mork med fin 40.plass idag og FIS-pkt under 100!
Resultater alle Hafjellrenna her... No er det juleferie også for Vegard & co..
Vegard har i kveld slappa av, preppa ski og svart på ein god del meldingar og telefonar, både frå venner og frå media . Dette etter hans historiske siger i måndagens renn . Tirsdag morgon er det klart for nytt renn på Hafjell, og det kan du følge LIVE her. Du kan elles lese litt meir om måndagens renn, om trener-Eriks inntrykk, og om dei to unge Stranda-løparane som debuterte på Hafjell idag - vidare her i artikkelen...
Ein tydeleg lykkeleg og litt rørt trener Erik Skaslien uttaler på telefonen frå Hafjell i kveld at det var ein nervepirrande finaleomgang han vart vitne til. Vegard leia med 0,68 sek føre 2.omgangen og stod igjen som den siste av dei 30 beste etter 1.omgang, då det skulle avgjerast. I et par skarpe svinger kom han nok litt i ubalanse men kom seg raskt inn att i sporet og avslutta omgangen meget bra. For trener-Erik var det ei påkjenning å følge "læresveinen" inn mot målpassering. Men då speaker endeleg utropte Vegard til dagens seiersherre, vart det eit spesielt øyeblikk, innrømmer Erik. Eit av delmåla dei har lagt saman var oppfylt og ei betre julegåve kunne han vel knapt bedt om... Det samme var nok tilfelle for pappa Ole som idag måtte vere på jobb i Trondheim, og som saman med Erik har følgd Vegard tett frå han var 8-10 år gammal. Vi gratulerer begge dei to også med dagen, og jobben som er gjort med Vegard alle desse åra...
Tidlegare idag vart vi veldig opptekne av Vegard sin prestasjon, og vi gløymde at det idag var med 2 debutantar frå Møre og Romsdal. Stranda-løparane Christoffer Ryste og Magnus Mork (begge født i 1996) stilte i sitt aller første FIS-renn med start nr 113 og 103. Christoffer gjorde ifølge trener Erik eit godt renn og vart nr 45 blant dei 121 som stilte til start. FIS-punkter på 100,39 i aller første renn er meir enn godkjent og lover godt for fortsettelsen. Magnus køyrde meget bra heilt til han desverre rauk ut midtvegs i første omgang, men Erik håper Magnus kan vise samme friske takter i tirsdagens renn då dei begge får nye sjanser til å hente verdfulle FIS-poeng i sin debutsesong i FIS-sirkuset. Magnus har fått start nr 94 og Chris 96. Vi ønsker alle 3 løparane og Erik lykke til med tirsdagens renn!
Erik Skaslien kunne smile breitt etter Vegards historiske siger idag...
|