Stordal IL

Følg FIS-renna på Oppdal "live" her frå kl.09.00 onsdag morgon

Skrive av: Magne Tøsse
Innlagt den 03.01.2012

Vegard, Erika, Ingrid og Kristina har i kveld innlosjert seg på Oppdal, og om nokre timar stiller dei til start i Stølen-løypene til nye FIS-konkurransar. Etter 2 renn i Åre i Sverige blir det no mest norske konkurrentar dei neste dagane, der første sjanse er allereie kl.09 onsdag morgon med slalåm på programmet. Du kan lese alt om renna på Oppdal her , med detaljert program, deltakerlister, resultater og ikkje minst kan du følge våre 4 håpefulle direkte med "livetiming" Erika er først ut med start nr 13, Ingrid har fått nr 18 og Kristina 53 av dei totalt 63 damene. I herreklassa starter Vegard allereie som nr 3 der det deltek totalt 98 løparar. Også Magnus Mork og Christoffer Ryste frå Stranda er med på hhv start nr 87 og 95. Starttider er kl.09.00 og 11.00 for damene, og 09.50 og 11.45 for herrane. Vi ønsker samtlige lykke til med renna på Oppdal!

Kristina er klar for nye konkurranser etter fin framgang under renna i Sverige denne veka

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel