Stordal IL

Flotte forhold for kajakk.

Skrive av: Hallgeir Hove
Innlagt den 12.08.2010

Dei siste dagane har det vore god aktivitet i området ved småbåthamna, der alpinistane våre har fått prøve ut ferdigheitene sine i kajakk-padling.

No er det ikkje fyrste gongen alpingruppa har hatt slike opplegg og det er liten tvil i at det både er populært og lærerikt. I år samarbeider alpingruppa med Stordal Ungdomsklubb, slik at båtane er i bruk store delar av dagen. Det er Friluftsrådet som stiller med kajakkar og båtane vert verande her i heile 9 dagar.

Vi fekk knipsa nokre bilder i løpet av økta i kveld (torsdag) og med knallveret den siste tida vart det heile sjølvsagt ekstra stas. Sjå i bildegalleriet vårt om du har lyst.

.....og i morgon er det klart for barmark på stadion med Erik!

Idyllisk i hamna.

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel