Stordal IL

FIS storslalåm Oppdal "live" frå kl.9.30

Skrive av: Magne Tøsse
Innlagt den 05.01.2012

Erika start nr 2, Ingrid 31 og Kristina 78 av dei 97 damene. Vegard start nr 18 av dei 140 herrane på start. Stranda-løparane Christoffer Ryste og Magnus Mork har idag st nr 123 og 127. Startlister og program finn du her . Det er eit mykje tøffare nivå på rennet idag enn igår, så her skal det køyrast meget godt for å hevde seg i toppskiktet. Følg med LIVE her frå 9.30 ...

I dag har løparane flytta seg litt vestover til Hovden-løypene, ein bakke som er ganske bratt og relativt krevande. Trener Erik Skaslien skal idag sette løypa for herrane i finaleomgangen, så får vi håpe det kan bety lykke for våre aktørar :).. Målpasseringa idag er kun et par steinkast ovanfor heimen til Erik, så han er iallefall på "heimebane". Som nevnt er det større deltaking i dagens renn, og en del av dei norske E-cupløparane på damesida er på plass. Også fleire av dei dyktige svenske alpinistane har tatt turen over, og vil nok markere seg godt vil vi tru... Vi ønsker våre lykke til!! Resultater med FIS-pkt utover dagen her ...

Ingrid starter paa nr 31 i dagens storslalom i Hovden paa Oppdal

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel