|
|
 |
Fantastisk avslutning på fartsuka på Hafjell med 3.,4. og 5.plass til våre tre juniorer!
Skrive av:
Magne Tøsse Innlagt den 22.01.2012
Våre tre juniorer som har deltatt på Fartsuka 2012 på Hafjell denne veka - Ingrid, Erika og Vegard - har både overraska oss og imponert oss med sine mange topp-plasseringer. I dag var det Super-G og høyr berre på desse resultata : Erika nr 3, Ingrid nr 4 og Vegard nr 5 i herreklassa! Sjølv den sindige og jordnære trener Erik Skaslien måtte idag innrømme at prestasjonane til dei tre elevane hans har imponert også han. Erika som fredag køyrde 3.raskast av alle damer i utfor, og som idag igjen kaprer 3.plassen, Ingrid som har plukka med seg 3 av 3 mulege medaljer i det innlagte NM for Junior I, og i tillegg idag slo til med imponerande 4.plass uansett alder blant damene! Og så må vi ikkje gløyme Vegard som tidlegare i år har tatt 3 FIS-sigrar i slalåm. I dag presterer han ein 5.plass blant dei 100 startande herrane og då snakker vi om fart og Super-G! Og vi minner om prestasjonen hans fredag under kombien, då han hadde nest beste tid av alle i slalåmdelen. Imponerande! Vi gratulerer dei alle, inkludert trener Erik Skaslien med suksessen på Hafjell og takker dei for måten dei representerer og profilerer Stordal Alpin på. Vi er stolte av dokke!
tommelen opp for søskena Busengdal etter topp prestasjoner på Hafjell
..og Erika kan smile breidt etter knallsterke 3.plasser både i utfor og Super-G
|
|