|
|
 |
Erika med fin 7.plass på Geilo laurdag
Skrive av:
Magne Tøsse Innlagt den 12.12.2011
I helgas 2 storslalåmrenn var det Erika H Tøsse (18) sin 7.plass laurdag som varma mest. Dette var Erika sitt nest beste FIS-renn nokon gong i storslalåm og dermed forbetra ho punktane sine i denne disiplinen. Ho var 4.beste norske jente av dei totalt 111 som stilte til start. Ingrid Busengdal (16) hadde sitt beste renn søndag med ein 31.plass medan ho laurdag vart nr 41. Kristina Maridal (15) som debuterte i FIS-klassa vart nr 63 søndag og 81 laurdag. Då er den tøffe debuten i "voksenklassa" unnagjort for Kristina og ho kan senke skuldrane i renna framover. Vegard Busengdal (18) tok ein 37.plass blant dei 140 herrane i laurdagens renn, medan han køyrde ut i søndagens renn. Fredagens sterke 8.plass i slalåm var topp-prestasjonen til Vegard denne gongen.(sjå artikkel i laurdagens Sunnmørspost) Her er komplette resultat frå Geilo-renna ...
No har Erik Skaslien og hans 4 disipler lagt opp til trening på Geilo dei neste tre dagane, før dei set nasen nordaustover og køyrer siste renna før jul i Funâsdalen like over grensa for Røros. Vi kjem tilbake til dei når det nærmer seg...
|
|