Stordal IL

Endå eit galleri med bilder frå Bjorli på plass

Skrive av: Hallgeir Hove
Innlagt den 02.11.2010

Vi har lagt ut bilder frå siste dagen på klubbsamlinga sist helg. Sol og varmegrader bidrog til reine påskestemninga i bakken, men like fullt upåklagelege forhold. God innsats frå mange gjorde at løypene var perfekte der det m.a. også gjekk med ein del salt for å få optimale forhold.

På fredag (førstkomande) er det klart for ny klubbsamling på Bjorli og også då vert det innkvartering ved Bjorligard Hotell, noko som synte seg å vere ein glimrande base for samlinga sist helg.

Vegard fekk ein smell etter å ha køyrt ut under økta på laurdagen og stod difor over på søndagen. Etter tilbakemeldingane å dømme går det raskt framover med Vegard og dermed grunn til å håpe og tru at han er attende i løypa alt denne veka.

Sjå 20 bilder frå søndagen i nytt galleri (menyvalet finn du til venstre på sida)

Amanda i aksjon

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel