|
|
 |
Barmarkstrening styrke m.m.
Skrive av:
Hallgeir Hove Innlagt den 22.05.2010
No vil du finne øvingar og tips for barmarkstreninga framover.
Dei fleste av løparane er no i full gong med barmarkstreningane og ein kjenner til at mange er flinke til å legge opp til ein ekstra sekvens t.d. etter fotballtreningane, for å bygge opp styrke og rørsleevne. Den første av fire testsamlingar, nyleg, var truleg startskotet for mange og det vil bli spanande for den enkelte å sjå kva effekt treninga har gitt, når ein om ikkje så alt for lenge skal køyre dei første re-testane.
Styrkeøvingane vi presenterer her, vil vere ein viktig basis i høve til dei belastningane som vil kome vidare framover, ikkje minst når ein skal vere rusta til å tole lange økter på skisamlingar. Du finn heile dokumentet med øvingane og tips elles, under menyvalet "Treningar info." Merk at vi ikkje har teke med dette med progresjon. Dette er naturlegvis viktig, men det må tilpassast den enkelte. Om ein startar med 15 reps pr serie pr øvelse i starten, vil det vere naturleg å auke etterkvart. Dei best trente kan sikkert begynne med fleire seriar o.l.
Vi har også peika på at det vil vere særs fornuftig å få med seg løpstreningane i regi av langrennsgruppa på søndagane kl 18.00 (oppmøte på stadion) Første økta her, vert på søndag den 23. mai. Les meir her . Vidare kan ein vere med på t.d. terrengløp i samband med friidrettscupen som skal køyrast i form av eit samarbeid mellom Liabygda, Valldal og Stordal IL. Sjå meir om dette i eigen reportasje her .
LYKKE TIL!
|
|