Stordal IL

Barmarkssamling med Erik.

Skrive av: Hallgeir Hove
Innlagt den 13.08.2010

25 utøvarar, inkludert dei fleste av våre FIS-løparar, var på plass då Erik Skaslien køyrde ei god barmarksøkt i dag. Erik køyrde øvingar med fokus på koordinasjon, reaksjon/hurtigheit, balanse og rytme. Fleire av øvingane stilte også krav til tankeverksemda og på den måten fekk han fram kor viktig det er at ein har hovudet med seg i løypa, utan at det går utover teknikken.

Økta starta kl 10.30 og først kl 14.00 var det heile over. Ein matpause på ca 30 minutt var innlagt midtvegs. Ein kan trygt slå fast at det var ein særs motivert gjeng som var i aksjon og ekstra kjekt sjølvsagt at store og små var samla. FIS-løparane har køyrt ganske så harde økter tidlegare denne veka, utan at det var til hinder for deltaking også i dag. For dei er 2 økter om dagen dagligdags i denne perioden.

Samlinga vart avslutta med fotballkamp, gutane mot jentene og felles uttøying heilt til slutt.

Ei særs nyttig og kjekk økt for både store og små.

Sjå bilder frå samlinga i nytt galleri. Menyvalet til venstre.

Erik forklarer.

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel