|
|
 |
Barmark med luftige hoppruller
Skrive av:
Hallgeir Hove Innlagt den 08.11.2010
To gongar i veka køyrer alpingruppa barmarkstrening i Stordalshallen. På måndagskveldane er økta for alle, medan økta på onsdagane er for dei eldste. Det er, som tidlegare år, veldig god oppslutning kring treningane. I tillegg til styrke, uthald, koordinasjon og bevegeligheit, vert det også plass til mykje leik og moro. Team-track´n er sjølvsagt veldig populær, uansett alder og den er ekstra godt eigna til innlæring av turnøvingar. I tillegg er det sjølvsagt mykje anna kjekt ein kan gjere på den.
Mot slutten av økta i kveld, knipsa vi (litt tilfeldig) nokre av dei eldste utøvarane som ikkje ville gje seg sjølv om økta eigentleg var slutt. Dei testa då mellom anna ut om det var mulig å hoppe over kvarandre i form av hopprulle (flygerulle) Om du vil sjå nokre bilder frå dette, finn du dei i eit eige lite galleri. (Vi satsar på å kome attende med fleire bilder frå den gode aktiviteten på disse treninane, noko seinare)
|
|