Stordal IL

9 Stordalsløparar tekne ut til Hovedlandsrennet og Landsfinalen

Skrive av: Magne Tøsse
Innlagt den 08.03.2010

Alpinkomitèen i skikretsen har tatt ut troppane. Frå Stordal Alpin er desse tekne ut: HOVEDLANDSRENNET for 14-15 åringar Hafjell : Ingrid Busengdal, Kristina Maridal, Olav Rune Bratland og Kjetil Holand Tøsse. LANDSFINALEN for 12-13 åringar Oppdal : Kristiane Nakken, Andrea Vinje Tøsse, Kine Kvammen Tøsse, Vibeke Inselset, Rebekka Helland, med Amalie Ekroll Hove som reserve. Vi gratulerer så mykje med uttaket!

Møre og Romsdal skikrets har i år meget gode kvoter og vil stille med heile 11 gutar og 7 jenter i kvar av desse "nasjonale mesterskapa".

9 av 36 løparar - altså 25 % av begge troppane er løparar frå Stordal Alpin! Dette må vi seie oss meget, meget godt nøgde med.

Vi ønsker våre egne, og alle andre alpinistar frå kretsen vår lykke til med mesterskapa!

Hovedlands Hafjell Landsfinale Oppdal

Kristina Maridal er ein av heile 9 løparar frå Stordal Alpin som er uttekne til nasjonale mesterskap i mars måned

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel