Stordal IL

8 Stordalsløparar til Ål og Gol i helga på stort Landsrenn

Skrive av: Magne Tøsse
Innlagt den 16.01.2009

ca 250 deltakarar i alderen 11-15 år deltek. Stordal stiller med ein tropp på 8 løparar.

Desse reiser nedover fredag, køyrer Storslalåm laurdag og slalåm på søndag:

kl.12-13 jenter: Kine Kvammen Tøsse, Kristiane Nakken, Kristina Maridal, Andrea Vinje Tøsse (antall påmeldte: 48)

kl.12-13 gutar: Olav Rune Bratland og Kjetil Holand Tøsse (antall påmeldte: 76)

kl.14-15 år jenter: Ingrid Busengdal (antall påmeldte: 40)

kl.14-15 år gutar: Jørgen Vinje Tøsse (antall påmeldte: 74)

I dette rennet stiller dei beste frå heile Sør-Norge, inkludert alle Østlandsklubbane. Så denne helga får vi sjå kva nivå våre løparar står på pr idag på landsbasis.

Alle reiser nedover fredag ettermiddag. Vi har ca 6 timers biltur framfor oss før vi er framme på Gol der vi skal bo saman. Laurdag er det Storslalåm på Ål, og etter rennet er det full fart i Tropicana Badeland for dei som ønsker det. Kl.20 på kvelden er det stor løpermiddag og flott premieutdeling på Pers hotell, etterfulgt av litt disco for løparane. Men så må dei finne køya og lade opp til slalåmen på Gol søndag morgon.

Vi gleder oss til dette fine arrangementet, og ønsker alle STORDALSLØPARAR lykke til med skikøyringa! (og foreldra med bilkøyringa...slow slow..)

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel