|
|
 |
Erika og Vegard er tatt ut til "VM" i Italia!
Skrive av:
Magne Tøsse Innlagt den 18.03.2008
Dei store øyeblikka tek ikkje slutt! 1/3 av den norske troppen til det såkalla VM for 14-15 åringar i Italia, kjem frå STORDAL ALPIN!!
Etter utrulege opplevingar i Hemsedal forrige veke, har Norges skiforbund funne fram til at Vegard og Erika skal representere NORGE
under dei såkalla "Pinoccio-leikane" i Albatone i Nord-Italia i starten på april.
Dette er rekna som eit uoffisielt VM for 14-15 åringar, og har deltakarar frå kring 40 nasjonar. 2 av 6 løparar frå Norge er altså frå vår klubb. Dette er vi utruleg stolte og galde over! Dei andre på laget kjem frå Oslo/Akershus-klubbane Ingierkollen, Stabæk og Heming, samt ein løpar frå Kristiansand.
|
|