2 flotte rennhelger i Hemsedal og Sverige står igjen av sesongen!
Skrive av:
Magne Tøsse Innlagt den 20.04.2010
Komande helg reiser tre av våre yngre løparar til Hemsedal og deltek i årets "Ski4Fun"-arrangement som Osloklubben Heming står bak. Her kjem også dei beste norske landslagsløparane og skal delta! Helga etterpå reiser ein endå større tropp over grensa til Funäsdalen i Sverige og deltek på "Verdens største alpinrenn - 1.maj-trofèen" med nærmare 1000 løparar i alle aldrar! Les meir..
Vi har laga linker i hovedmenyen til desse to arrangementa som er dei aller siste for sesongen. Dette er flotte, sosiale renn å køyre på tampen av ein hektisk konkurransesesong. Vi gleder oss stort til å besøke våre svenske venner i Funäsdalen - like forbi Røros - der Stordal Alpin har hatt deltakarar over fleire år allereie. Rennet er ifølge arrangøren Verdens største! og du kan følge konkurransane dei 3 dagane "live" frå sofakroken. Fredag 30.april er det SL for alle klasser, laurdag 1.mai er det kun FIS-løparane som køyrer, medan det er stor FINALEDAG på søndagen med Parallellslalåm for alle klasser. Og etterpå er det premieutdeling med fantastiske premier. Sjekk linken til "1.majtrofèet" om du vil vite meir.
Men allereie til helga skal 3 av våre løparar, Mathilde, Andrea og Ingrid, delta på "SKI4FUN" i Hemsedal. Vi har høyrt mykje skryt om dette arrangementet som hadde sin debut i fjor. Samtidig med barnerenna går det også FIS-renn der våre eigne Erika og Vegard skal delta. I tillegg er det meldt at både dame og herrelandslaga kjem til å vere der, så dette blir spennende på fleire måter! Fredag 23.april starter det med SL for jentene/damene, laurdag SL for gutane/herrane, og søndagen er det SSL for begge kjønn. Flotte gåvepremier her også har vi høyrt snakk om.... :) Vi gleder oss!
Desse 4 jentene, Kristiane, Julie, Mathilde og Andrea, er klare for å kjempe mot svenskane på deira heimebane.
|