Stordal IL

Premieutdeling Sparebanken Møre Cup 2010.

Avsluttande renn med paralellslalom på Stranda, laurdag 10. april.

Etter at ein strålande renndag var over og premieutdelinga for paralellslalomen og skicrossen var unnagjort, var det på tida å dele ut premiar til dei som hadde gjort det aller best i Sparebanken Møre Cup. Det var Arve Hovdenakk (Ørsta Alpin) og Marianne Nakken (Stordal Alpin) som var skikretsen sine representantar under seremonien.

Stordal Alpin fekk to klassevinnarar. Mathilde Vinje Øvrebust fekk 1. plass i klasse jenter 11 år. Ho delte denne med Fride Aambak frå Ørsta Alpin. Her kom i tillegg Julie Olsen Almås på 3. plass. I klasse jenter 12 og 13 år var Kristiane Nakken suveren vinnar. Her tok i tillegg Andrea Vinje Tøsse 2. plassen og ikkje nok med det; Kine Kvammen Tøsse sikre trippel Stordal i denne klassa!

I klasse jenter 14 og 15 år tok Ingrid Busengdal 2. plassen, etter Eirin Linnea Engeseth.

Lysbildevisning

GRATULERER!
Mathilde og Kristiane, til topps i Sparebanken Møre Cup 2010!

Sparebanken Møre Cup, jenter 11 år

Sparebanken Møre Cup, jenter 12 og 13 år

Sparebanken Møre Cup, jenter 14 og 15 år

Klassevinnarar Sparebanken Møre Cup 2010

Arve Hovdenakk om Marianne Nakken stod for premieutdelinga

Andre galleri:

Klubbsamling, Bjorli 23. til 25. oktober 2009.

Løparar 2009-2010

Barmarkssamling i og ikring Stordalshallen, laurdag den 31. oktober 2009.

Samling på Bjorli, med Erik Skaslien, fredag 6. t.o.m søndag 8. november 09.

Gruppebilde av Stordal Alpin, teke i Stordalshallen, den 10. november 09.

Samling på Bjorli, med Erik Skaslien, fredag 13. t.o.m søndag 15. november 09.

Samling på Bjorli, med Erik Skaslien, fredag 13. t.o.m søndag 15. november 09.

Stordal Alpin hadde også i år regien bak julegrantenninga i sentrum.

Samling i Møre og Romsdal Skikrets sin regi. Bjorli 4. - 6. desember 2009.

Samling i Møre og Romsdal Skikrets sin regi. Bjorli 4. - 6. desember 2009.

Kjempekjekk kveld for instruktørar frå Stordal Alpin.

Renn på Bjorli, søndag den 3. januar 2010.

Renn på Bjorli, laurdag 9. januar 2010.

Renn på Bjorli, søndag 10. januar 2010.

Stor fart og luftige svev.

Glimt frå kveldstrening under perfekte forhold på Arena Overøye, 12. januar 2010.

Renn på Fjellsætra laurdag den 23. januar 2010.

SG-renn på Tusten, 7. og 8. februar 2010.

Ei strålande rennhelg på Arena Overøye er over.
Om lag 40 stordalsalpinistar på startstreken på kvart av renna, denne helga!

KM i storslalom på Arena Overøye, søndag 21. februar 2010.

Erik Håker Cup og fartssamling på Oppdal, i veke 9, 2010.
Nydelege forhold!

Nokre bilder frå Erik Håker Cup 6. - 7. mars 2010.
Liten tvil om at det gjekk unna!

Bendit Alpinfestival på Ål.

Solbakken Cup 2010.

Klubbmeisterskap med rekordstor deltaking.

Skicross, paralellslalom og avslutning av Sparebanken Møre Cup 2010, på Stranda den 10. april.

Premieutdeling Sparebanken Møre Cup 2010.
GRATULERER!

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel