Vegard på FIS-runde i Frankrike - 1.renn søndag i Saint-Gervais

Skrive av: Magne Tøsse
Innlagt den 26.01.2012

Norges skiforbund har tatt ut 8 løparar til ein 12 dagers renn-turnè i Frankrike. Stordal Alpin sin Vegard Busengdal er ein av dei 8, og laurdag set han kursen for Saint-Gervais der det første storslalåmrennet skal gå allereie på søndag. Klikk her for å sjå rennlista dei skal delta på. Vegard har prestert meget bra hittil i årets sesong, og vert no belønna av NSF med deltakelse i Frankrike. Vi kjem med meir info etterkvart som renna går av stabelen, men resultata frå søndagens SSL i Saint-Gervais finn du truleg her utpå kvelden. Stordal Alpin gratulerer atter ein gong med uttaket og ønsker Vegard lykke til i de franske alper!!

Under "mediaomtale-fana" vår kan du lese meir om det Vegard har prestert hittil i vinter, gjennom intervju bl a i Sunnmørsposten og Bygdebladet.

Vegard gleder seg stort til møtet med de franske alper - her frå Hintertux i Østerrike i haust

Trener Erik Skaslien blir ikkje med til Frankrike, men må ta ein god del av "skulda" for Vegard sin flotte framgang i år

Vegard klar for Frankrike


-- Printa ut frå STORDAL IL si heimeside, www.stordalil.no, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2012 eZ systems as