Endeleg har løparane også fått tid til å blekke litt. Takk for mail og bilder Erika! Les hennar resymè under her - samt et par flotte bilder....
brev frå Erika 6.9.2010:
Dag 7 og 8 (fridagane)+ 10!
CHIAO NORVEGIA!
Etter seks skidagar i Stelvio var det veldig godt å
komme seg ned til Gardasjøen for to fridagar. Der
låg temperaturen på rundt 28 grader heile dagen
og sola var vår beste venn! Jentene fikk eit eige
"hus", medan guttane vart plasserte på hotellrom. Sidan
det var FRIdag vart meste tida av oppholdet tilbringt
på stranda, der vi sola oss, bada(ikkje Vegard, i og
med at han prøvde å bli frisk) og levde livets
glade dagar. Begge kveldane gjekk vi ut og åt deilig
italiensk pizza, og fekk tid til kveldsbad og sosialt samver
på stranda etter det. Litt rart var det å tenke
på at vi var på samling, men vi er alle enige om
at det var dei beste fridagane vi nokon gang har hatt!
I dag var det andre dag med SSL etter fridagane og (hvertfall eg) kjenner det på kroppen at dagane ved Gardasjøen gjorde godt for både kropp og sjel. Dagens storslalomkjøring føregjekk(også i dag) under kanonforhold- sol, blå himmel og skikkleig vinterføre. I dag kjørte vi på timing, og det var ikkje greinalaust-langt der ifrå. Gutta Boys har hatt absolutt gode turar i dag, og er ganske fornøgd med dagen. For min del har eg også hatt ein ganske bra dag, og eg føler storslalomforma er like rundt hjørnet. Nicole Gius, italiensk WC-kjører, er også her oppe. Noko vi jentene synest er ei stor inspirasjonskilde. I morgon er det siste dag med storslalom før vi avsluttar det fantastiske opphaldet med to dagar slalom.
Vi storkosar oss i Italia! - Stay tuned
Erika
Det meste stoppa nok opp i den vesle italienske byen Gargnano når desse 6 jentene entra pizzarestauranten sist fredag kveld... F.v. Kari Hole, Marthe Næss, ERIKA, Kristin Graabak, Thea Grosvold og Ragnhild Mowinckel. Alle tilhøyrer Oppdal skigymnas unntatt Thea og Erika
Erika og Ragnhild nyt badelivet i Gardasjøen
Erika på toppen av gondolheisa ca 3.500 m.o.h - sjekk den utsikta!
-- Printa ut frå STORDAL IL si
heimeside, www.stordalil.no, under
www.stordalsportalen.no --