Mange av utøvarane i Stordal Alpin nyttar høve til å få med seg dei mange tilboda i samband med aktivitetsveka i regi av Barnas kommune. Det har vore tett program sidan sist søndag og på programmet i dag har det vore vannski og songseminar. Den største opplevinga har nok Mathilde Vinje Øvrebust hatt. I går fekk ho nemleg ein laks på nærare 6 kg (!) i Stordalselva, då laksefiske var noko av det som stod på programmet. Besøk av landslagsspelaren Jonathan Parr har det også vore og han hadde mykje å fortelje om, som klart har relevans for den som tek mål av seg til å nå toppen, anten dette gjeld innan alpint eller i andre samanhengar.
Du kan lese mange reportasjar om alt dette på Stordal kommune sine heimesider.
Hovudsida finn du her .
Nytt frå kultur og fritid her .
Nytt frå Stordalshallen her .
-- Printa ut frå STORDAL IL si
heimeside, www.stordalil.no, under
www.stordalsportalen.no --