Informasjon frå Alpinkomitèen - Hovedlandsrennet og Landsfinalen
Magne Tøsse  - 21.02.2012

Ved å følge linken til SKIKRETSEN sin heimeside , kan du finne info om Hovedlandsrennet på Bjorli i slutten av mars, med info om kretssamlinga for 12-15 åringane som er planlagt helga 9. - 11.mars. Vidare finn du info om kvalifiseringa til desse to nasjonale mesterskapa og statusen der. Det er 2 renn igjen av kvaliken, det utsatt SSL-rennet i Stordal og Super-G rennet på Stranda neste helg.


Kristiane Nakken med klassesiger i Bjønnameisterskapet
Magne Tøsse  - 19.02.2012

Vibeke Innselset tok 2.plassen i same klasse og Julie Olsen Almås 2.plassen i J12-13. Vidare tok Helene Vinje Øvrebust si første pallplassering med 3.plassen i J11, Jørgen Larsen Stavseng også med 3.plass i G11 og Andrea Vinje Tøsse tok same plassen i J13-14. Her er resultatlistene frå Ørsta der du kan sjå at det var mange andre flotte resultat av dei øvrige løparane frå Stordal Alpin. Sjå bilder frå premieutdelinga HER


Stordalsrennet søndag ER AVLYST!
Magne Tøsse  - 14.02.2012

Rennet på søndag må desverre avlysast. Dette pga forholda i bakken pr laurdag kveld, samt dei vermeldingane som er for natt til søndag (mykje nysnø). Det er ikkje såle i bakken til verken å skape sikre eller nokolunde jevne forhold for løparane. Vi kjem tilbake med info om når dette rennet skal gå over helga ein gong.


Tilbakeblikk på den flotte kretssamlinga i Stordal 26. - 28. august 2011.
Hallgeir Hove  - 17.02.2012

Over 50 unge alpinistar frå heile Møre og Romsdal var samla i Stordalshallen denne helga i slutten av august 2011. Eit stort instruktørkorps med m.a. Andrine Flemmen, Erik Skaslien, Einar Vegsundvåg, Torstein Lianes og mange, mange fleire var med. I tillegg var det mange vaksne, både frå arrangørklubben og elles som bidrog til det som verkeleg må kunne hevdast å vere ei vellukka barmarkssamling.


Landsrennet i Hemsedal ga oss gode svar
Magne Tøsse  - 14.02.2012

Med prestasjonane til dei 4 som sist helg deltok på Landsrennet i Hemsedal, fekk vi svaret vi håpte på før avreise; Vi er med! Julie, Kine, Andrea og Kristiane stod alle for sterke plasseringar, spesielt om ein tek med enkeltomgangar. Julie er unntaket ettersom ho tok 3. og 5.plass i dei to renna. Knallsterk prestasjon av henne, og no er ho reserve til sjølvaste Toppolino-rennet i Italia . Vi gratulerer! Trekløveret i J14-15årsklassa synte alle tre at dei er med "der oppe" med Kine sin 6.plass i SL, Andrea 9.plass i SSL og Kristiane 12.plass i SL. I tillegg registrerer vi enkeltomgangar endå høgare på lista, i ei klasse med heile 50 jenter på start. Og i begge klassene stilte dei beste løparane i landet. Desse resultata håper vi også er ein stor inspirasjon for andre i klubben til å stå på med stor treningsiver. No gjeld det å bruke tida godt framover mot Landsfinalen og Hovedlandsrennet i mars, då desse fire og endå fleire frå klubben vår igjen skal møte "Norgeseliten" i aldersklassa si. Gratulerer alle fire med flott innsats i Hemsedal!



-- Printa ut frå STORDAL IL si heimeside, www.stordalil.no, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2012 eZ systems as