Følg Super-G konkurransen "LIVE" frå kl.12.00 fredag!
Magne Tøsse  - 16.03.2012

No er det klart i Sauda! Start kl.12.00 og god sikt! Om vergudane skåner Sauda for den verste tåka og nedbøren fredag morgon, er det planen å køyre Super-G konkurransen under årets Landsfinale med start kl.10.00. Du kan følge med våre 3 gjennom "livetimingen" , der Julie har start nr 11, medan Mathilde kjem på st nr 66 (ute med skade i kvaliken). Gutane starter kl.12.15 og Ådne kjem på start nr frå 92. Torsdag vart det inga trening pga tett tåke, men stemninga i troppen frå Møre og Romsdal er upåklageleg ifølge truverdige kjelder på telefonen frå Sauda. Lykke lykke til Ådne, Julie og Mathilde, og alle andre frå Møre og Romsdal skikrets!!


Ådne, Julie og Mathilde på plass i Sauda!
Magne Tøsse  - 15.03.2012

Onsdag morgon kl.06:45 var det klart for avreise for dei tre løparane saman med fedrene Olai, Frank og Jan Ove. En 10 timers busstur saman med resten av den 14-manns sterke troppen frå Møre og Romsdal stod på menyen onsdag. I går kveld fekk dei pakka ut og gjort klart for dagens Super-G-trening i Sauda skisenter . No kl.8.30 er dei på besiktigelse og kl.09.15 starter gjennomkøyring for jentene. Gutane starter kl.11.00. Klikker du deg inn på LANDSFINALEN 2012 finn du oversikt over det meste som tidsplan, link til "live-timing", start og res.lister, vervarsel og web-cam for Sauda skisenter . Fredag er det Supor-G, laurdag storslalåm og søndag slalåm. Dei 88 beste jentene og 113 beste gutane i landet deltek på årets utgåve av TELENORLEKENE som det offisielle namnet er. Dette er tilsvarande mesterskap som vi i Stordal Alpin var ansvarlege for i 2006. Vi håper og har tru på at Stordals-namnet vil bli nevnt også i løpet av 2012-arrangementet... Lykke til Ådne, Julie og Mathilde!


Ny trening torsdag!
Magne Tøsse  - 12.03.2012

Fine forhold på onsdagens slalåmtrening i familiebakken. NY TRENING TORSDAG! les detaljer under....


Vegard med 13.plass i søndagens storslalåm i Varingskollen
Magne Tøsse  - 12.03.2012

Ingrid og Vegard har denne veka køyrt renn i Kvitfjell og i Hakadal. Søndagens storslalåm vart den beste for Vegard sin del med 13.plass. Men også Super-G rennet i WorldCup-løypene i Kvitfjell torsdag der han tok ein 17.plass var bra levert! Ingrid traff ikkje heilt i desse renna men kjem nok sterkare tilbake. Resultater Hakadal , og resultater Kvitfjell . Om ei veke starter senior-NM på Hafjell der begge skal delta. Vi kjem med meir kring dette mot helga.


Maia Søe-Valde med flott køyring under Bendit skifestival på Ål
Magne Tøsse  - 12.03.2012

Maia var den einaste frå Stordal som deltok under årets Bendit skifestival på Ål. I klassa hennar J-10år deltok heile 49 jenter, og Maia køyrde meget bra på laurdagen med den 9.beste tida av alle. Søndag vart det eit fall i 1.omgang, men i 2.omgang var ho igjen blant "topp-10" noko som viser at Maia har hatt ein veldig fin framgang denne sesongen. Vi gratulerer også Ellen Gjerde (Sykk), Viktoria Røst (Spjvik) og Jørgen Slettaløkken (Rauma) med fleire topplasseringer på Ål! Dette viser at alpinistane frå Møre og Romsdal held eit høgt nivå også nasjonalt. Resultater Bendit Ål .



-- Printa ut frå STORDAL IL si heimeside, www.stordalil.no, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2012 eZ systems as