Vi gratulerer Mathilde og Julie med topp-plasseringer på Bendit!
Magne Tøsse  - 20.03.2010

5.plass til Mathilde og 7.plass til Julie i laurdagens storslalåm! Heile 78 jenter stilte til start i klassa deira. I dei yngre urangerte klassene var det også mykje god køyring frå våre løparar. No er dei alle klare til flott premieutdeling på Ål samfunnshus i kveld. Resultater finn du her utover kvelden. Søndag er det slalåm.


Treningstider i helga på Overøye
Magne Tøsse  - 20.03.2010

Laurdag kl.10.30 til 13.00 SL - Søndag kl.12.00 til 15.00 SL. Velkommen til trening!


Erika og Jørgen køyrer FIS-renn i Sør-Sverige i helga
Magne Tøsse  - 20.03.2010

Sterke svenske løparar med i rennet. Slalåm begge dager i Stöten sør for Borås. Erik Skaslien er med som trenar/sjåfør og fleire løparar frå Toppidrettslinja på Stranda deltek. Vi kjem med resultata laurdag kveld


Mathilde og Julie med flott start på Bendit skifestival på Ål
Magne Tøsse  - 19.03.2010

Mathilde tok ein knallsterk 6.plass og Julie følgde opp med fin 11.plass. Dette i konkurranse med heile 78 andre jenter i klasse 11 år. Gratulerer så mykje til begge to!! Her kan du klikke deg inn og sjå kor fint dei har det på Ål webcam ÅL. Anna info om renna på Ål her, og her Resultater Super-G J11år


Super G på Hafjell avlyst fredag
Magne Tøsse  - 20.03.2010

Dermed er årets Hovedlandsrenn avslutta for i år og løparane kan vende nasen heimatt etter fine dager på Hafjell. Ingrid sin flotte 5.plass i utfor var det sterkaste resultatet frå Stordal Alpin.



-- Printa ut frå STORDAL IL si heimeside, www.stordalil.no, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2012 eZ systems as