Utbytterik fartssamling med skigymnaset på Bjorli
Magne Tøsse  - 16.01.2012

Skigymnaset hadde treningssamling på Bjorli som førebuing til Fartsveka på Hafjell som tek til idag. Her var også Hovedlandsløparar (14/15 år) frå klubbane i kretsen inviterte til å delta, og 6 jenter og 7 gutar frå ulike klubber deltok. Søndag vart det køyrt timing og 7 runder i Bøvra. Her kan du sjå bestenoteringane til den enkelte løpar.


Samlingsplan for Stordal Alpin vinteren 2012
Magne Tøsse  - 12.01.2012

Oppdatert samlingsplan/aktivitetsplan for perioden januar til april er no utlagt i hovedmenyen. Her finn du dei viktigaste aktivitetane våre både når det gjeld treningar og rennarrangement gjennom heile vinteren. Både renn i kretsen er tatt med frå terminlista og i tillegg har vi satt inn datoane for dei nasjonale mesterskapa både i barneklassene og for våre juniorar. Rennplanen for FIS-løparane er ikkje med i planen, men vi viser til eiga oversikt på dette i hovedmargen.


Vegard Busengdal utteken til Europaturnè!
Magne Tøsse  - 11.01.2012

Vegard er av Norges skiforbund teken ut til å køyre fleire FIS-renn i Frankrike i siste del av januar. Les om uttaket her på Skiforbundet si side. Vi kjem med meir om Vegards turnè når avreise nærmer seg. Vi gratulerer så mykje!!


Treninga torsdag kveld går ut - korrigert oppsett her
Magne Tøsse  - 11.01.2012

Torsdag går treninga ut. I staden vert det trening i helga for alle aldersgrupper slik:

LAURDAG kl.09 - 10.30 SSL og 11 - 13 SL , SØNDAG kl.12 - 14 SL. Husk også at trekket er åpent fredag kveld og no er det berre lekkert med laussnø-køyring!


Vegard med knallsterk dobbeltsiger i FIS-slalåm på Oppdal!
Magne Tøsse  - 08.01.2012

Vegard gjekk heilt til topps i begge slalåmrenna laurdag og søndag på Oppdal! Vi gratulerer han med imponerande køyring, ikkje minst laurdagens utklassingsiger med over 2 sekund er råsterkt. i Storslalåmrennet vart han nr 8 etter 3.beste tid i finalen. Erika tok ein flott 5.plass i laurdagens slalåm og vart nr 8 søndag. I storslalåm tok ho ein sterk 5.plass. Ingrid tok ein fin 10.plass i slalåmen laurdag der Kristina Maridal vart nr 26. Stranda-karane Magnus Mork og Christoffer Ryste tok hhv ein 26.plass og 32.plass i kvart sitt slalåmrenn. 111 herrer og 76 damer deltok. Alle resultat Oppdalsrenna her.



-- Printa ut frå STORDAL IL si heimeside, www.stordalil.no, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2012 eZ systems as