Bilder frå søndagens slalomrenn på Tusten også på plass
Hallgeir Hove  - 23.01.2012

Då kan vi presentere nokre bilder også frå det flotte slalomrennet på Molde. I menyvalet til venstre finn du alle galleria våre, fordelt etter sesongar. Sjølv om vi ikkje har med bilder av alt og alle, kvar gong, håper vi det vil vere kjekt å ta ein kikk.


Mange flotte prestasjoner under storslalåmrennet i Molde laurdag
Magne Tøsse  - 21.01.2012

Heile 6 pallplasseringer i dagens renn av Stordalsløparane. Kristiane Nakken vann J14-15, der Kine Kvammen Tøsse tok 2.plassen. Jørgen Larsen Stavseng tok 2.plassen i G11 og Mathilde V Øvrebust 2.plassen i J 12-13. Julie O Almås tok 3.plass i J12-13 og Andrea Vinje Tøsse vart nr 3 i J 14-15. I denne klassa var det Stordalsjenter på dei seks første plassane! I dei yngre klassene utan rangering var det mykje bra å sjå av våre ferskaste løparar. Søndag er det slalåm på programmet med innlagt Kretsmesterskap for alderen 12 år og eldre. Vi gratulerer Rival/MOI med eit flott arrangement under meget gode bakkeforhold og fint ver. Resultat lang løype . Resultat kort løype .


Sølv til Ingrid i jrNM laurdag! Medalje 3 av 3 mulege!
Magne Tøsse  - 21.01.2012

For eit fantastisk NM i fart Ingrid har hatt denne veka! I dag slo ho til med medalje nr 3 i den tredje disiplinen under mesterskapet, Og det vart den gjevaste av dei alle, no med SØLV! Vi gratulerer Ingrid atter ein gong! I FIS-rennet tok Erika ein 9.plass og Vegard ein 11.plass i dagens Super-G renn. Ingrid vart her nr 14. Søndag vert Fartsuka 2012 avslutta med nok eit Super-G renn som du kan følge LIVE her frå kl.10.30.


Ny NM-bronse til Ingrid i Super-kombi! Vegard og Erika med kvar sin 4.plass i FIS-rennet!
Magne Tøsse  - 20.01.2012

Ingrid slo til med nok ein medalje under dagens Super-kombi under junior-NM! Og med seg på seierspallen får ho med seg Spjelkavikløparen Eirin Engeset som gjekk heilt til topps etter ein meget sterk slalåmomgang. Ingrid la grunnlaget i utfordelen der ho var aller best av samtlege juniorer! Erika tok ein flott 4.plass i FIS-rennet (ikkje NM) etter å ha gjennomført ein meget sterk utfor der ho var 3.best. Vegard låg på 14.plass etter utforen men slo til med ein kanonomgang i slalåmen og også han vart nr 4, blant herrane. For ein kjempedag på Hafjell! Resultater frå alle disipliner og JrNM kjem her etterkvart. Laurdag er det Super-G både FIS og med innlagt jrNM for Ingrid. Du kan igjen følge våre LIVE frå ca kl 10.30 .


Super-kombi LIVE frå kl.10.05 fredag med våre 3 på start
Magne Tøsse  - 20.01.2012

Erika start nr 13, Ingrid 43, medan Vegard har start nr 9 i herreklassa. For Ingrid er det også idag NM JR1 innlagt. Ein omgang utfor først og så ein omgang slalåm danner det vi kaller Super-kombi. Lykke til alle tre! Følg rennet LIVE her frå kl.10.05. Start slalåm er kl.14.15



-- Printa ut frå STORDAL IL si heimeside, www.stordalil.no, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2012 eZ systems as