Våre tre juniorer
som har deltatt på Fartsuka 2012 på
Hafjell denne veka - Ingrid, Erika og
Vegard - har både overraska oss og
imponert oss med sine mange
topp-plasseringer. I dag var det Super-G og
høyr berre på desse resultata : Erika nr 3,
Ingrid nr 4 og Vegard nr 5 i herreklassa!
Sjølv den sindige og jordnære
trener Erik Skaslien måtte idag
innrømme at prestasjonane til dei tre
elevane hans har imponert også han.
Erika som fredag
køyrde 3.raskast av alle damer i
utfor, og som idag igjen kaprer 3.plassen,
Ingrid som har plukka
med seg 3 av 3 mulege medaljer i det
innlagte NM for Junior I, og i tillegg idag
slo til med imponerande 4.plass uansett
alder blant damene! Og så må vi
ikkje gløyme Vegard som tidlegare i
år har tatt 3 FIS-sigrar i
slalåm. I dag presterer han ein
5.plass blant dei 100 startande herrane og
då snakker vi om fart og Super-G! Og
vi minner om prestasjonen hans fredag under
kombien, då han hadde nest beste tid
av alle i slalåmdelen. Imponerande! Vi
gratulerer dei alle, inkludert trener Erik
Skaslien med suksessen på Hafjell og
takker dei for måten dei representerer
og profilerer Stordal Alpin på. Vi er
stolte av dokke!