Løypekøyring II
Tor Midtbust  - 25.01.2011

(Opprinneleg innlagt 16.01.2011)

Dersom du vil ut på tur i oppkøyrde løyper i Langsæterområdet, bør du sjekke skisporet.no og samtidig tenke over dette før du legg i veg:

• Fredag ettermiddag, laurdag og søndag er løypene preparerte så sant veret tillet det. Fredager vil normalt Seljebotnløypa og løypene i nærområda Overøye-Langsætrane verte køyrde.

Måndag, tysdag, onsdag og torsdag blir det normalt ikkje køyrd opp løyper, bortsett frå jul, vinterferie og påske. Seinare på vinteren når det vert lysare kveldar, vil vi ved behov prøve å køyre noko. Dersom det kjem snø måndag i ei ”vanlig” veke, vil det normalt ikkje vere oppkøyrde løyper før fredag. Men dei løypene som vart lagt på søndag, kan gjerne vere gode også utover i veka. Ein må ta omsyn til nokre forhold for å vite om løypene er intakt:

• Har det komt snø siste dagane etter at løypa var preparert?
• Har det vore lausesnø og sterk vind? Hugs at løypa lett kan ”drive igjen”.
• Har det vore mildver og smelting? Dette kan tære på snøen og øydelegge løypa.

Vil du vere heilt sikker på korleis løypetilstanden er, kan du ringe vakttelefon 97 48 83 22.


Løypekøyring
Tor Midtbust  - 08.01.2011

Etter det siste store snøfallet har vi no køyrt over alle løypene med unntak av Jolbotn der det er fonnfare.
I dag har maskina vore inn til Storvatnet, og der er det nesten 1,5 m snø. Sjåfør Bjørn Holmelid sa i telefon frå Elvabyte at det er svært mykje laussnø.

Men alt om løypekøyringa ser vi på "Skisporet.no " Klikk på Stordal på kartet. Tannhjulet syner kvar maskina er, og fargane på løypene kor lenge det er sidan maskina har passert.


Ny løypemaskin!
Tor Midtbust  - 30.12.2010

Den nye løypemaskina frå Antra AS kom 15. desember, og våre sjåførar vart kursa i 2 dager. GPS er montert på maskina og på "Skisporet.no " kan alle etterkvart sjå når og kvar maskina har køyrt.

Den nye og fine skiløypa frå Overøye til Puskebrua er no ferdigplanert og vi har lag spor i dobbel breidde. Det er køyrt løyper på begge sider av elva frå Seljebotnbrua til Kvitlane, og frå Pusken til Lillevatnet/Storvatnet. Utanom planerte traseer er det enno noko ujamnt pga lite snø.

Rundt nyårshelga vil det ved behov verte køyrt på nye spor.


Sesongen 2011
Tor Midtbust  - 24.11.2010

Ny trakkemaskin vil vere på plass i førstninga av desember 2010. Denne er litt større en gamlemaskina og med sterkare motor vil den vere veldig godt egna til jobben. Den gamle trakkemaskina er selt til Eidsdal. Så inntil den nye er på plass vil det bli brukt scooter til løypelegging. No (25. november) er det forlite snø i området til å legge løyper.

Vi planlegg å køyre løyper kvar helg til jul dersom vi får tilstrekkelig med nysnø. F.o.m. 2. juledag og vidare utover i romjula og i nyttårshelga vil det også bli køyrt løyper. Vaktliste frå nyttår og utover sesongen vil bli utarbeidd seinare.



-- Printa ut frå STORDAL IL si heimeside, www.stordalil.no, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2012 eZ systems as