Fine turløyper!
Tor Midtbust  - 07.01.2012

Det er no fine turløyper på Overøye og innover fjellet. Så spenn skiene på og kjenn kor godt det er å kome seg ut i naturen en fin vintersdag!


2. juledag
Tor Midtbust  - 26.12.2011

På grunn av uver, lite snø og delvis overvatn i løypetraséane blir det ikkje løypekøyring i romjula.


Vintersesongen 2012
Tor Midtbust  - 11.12.2011

No er skisesongen i gong og du er velkommen til oppkøyrde løyper i Langsæterområdet! Det er lurt å sjekke skisporet.no , men om du ikkje har tilgang til internett så kan du gå ut ifrå informasjonen nedanfor og planlegge turen etter det.

Kvar fredag ettermiddag vil Seljebotnløypa og løypene i nærområdet Overøye - Langsætrane bli preparert. Kvar laurdag og søndag er løypene i heile området preparerte så sant ver og føre tillet det.

I jula legg vi opp til preparerte løyper f.o.m. 2. juledag og utover heile romjula t.o.m. 1. nyttårsdag.

Ring vakttelefon 97 48 83 22 dersom du er i tvil om løypeforholda!


Påskeaften
Tor Midtbust  - 23.04.2011

Skisporet.no er ikkje oppdatert, vi har problem med GPS-en.

Vi kan melde om gode løyper til Fokhaugstova/Elvabytet og Jolbotn. Løypene vart køyrt opp idag laurdag før kl 12.00. Det var kaldt og skareføre i natt, så forhåpentligvis vil løypene vere gode til langt fram på dagen.

I morgon blir det køyrt tilsvarende løyper som idag


Påskeferie - oppdatering laurdag 16.04.!
Tor Midtbust  - 15.04.2011

I påska ser det ut til å bli ganske store utfordringar med å lage til gode skiløyper, men løypekarane i Fjellservice vil gjere sitt beste! Kvar dag i påska vil det bli køyrt løyper dersom det er mulig. Nokre elvar har gått opp eller det er overvatn slik at løypemaskina ikkje kjem seg fram over alt. Dersom det blir mildver med mykje regn eller sterk sol vert det blautt, og dermed fare for at maskina kan køyre seg fast.

Lillevatnet / Storvatnet. Slik vi ser det idag er det umulig for løypemaskina å passere elva i Elvabytet på veg til Storvatnet, då elva er open med stor vassføring. Brynebotnelva er også open, så Elvabytet blir nok endestasjonen inne på fjellet, og dermed ikkje oppkøyrde løype til Lillevatnet eller Storvatnet.

Jolbotn / Kleivavatnet. Det blir køyrt løype så langt det er mulig. Eventuell rasfare (dapeskot) ved inngangen til Jolbotn vil bli vurdert, og løype blir ikkje lagt dersom det er fare for ras.

Seljebotn / Langsætrane. Løypa på vestsida av Storelva er bra, men på austsida er det no ikkje mulig å køyre løypemaskina. Så det blir altså ikkje lagt løype mellom Seljebotn og Kvitlane på austsida av Storelva.

Anbefalte turer er til Puskebrua og området rundt Pusken med utflukt til Fokhaugstova / Elvabytet / Jolbotn.

Sjekk status til løypemaskina her. Ring vakttelefon 97488322 dersom du er i tvil.

GOD TUR!



-- Printa ut frå STORDAL IL si heimeside, www.stordalil.no, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2012 eZ systems as