Grasrotandelen

Vil du gi di støtte til STORDAL IDROTTSLAG?

Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velge eit lag eller éi forening som du vil gje di støtte – som din Grasrotmottakar. Vi oppfordrar deg til å støtte oss i STORDAL IDROTTSLAG!

Tenk deg at du kan spele favorittspela dine - Lotto, Tipping og Joker for eksempel - og samstundes gi noko meir til det laget eller den foreninga du sjølv ønsker å støtte. Dette er no mogleg via Grasrotandelen. Ved spel hos Norsk Tipping vil 5 % av innsatsen gå direkte til ditt lag eller forening (gjeld ikke Extra og Flax). Merk at Grasrotandelen ikkje på nokon måte gjeng ut over innsatsen eller premien din - du blir ikkje belasta noko for å vere grasrotgivar. Du treng Norsk Tipping Spelarkort for å knyte deg til Grasrotandelen. Spelarkort får du kjøpt hos kommisjonær, eller du kan bestille det på www.norsk-tipping.no.

Vi oppmodar deg til å knytte deg til ordninga allereie i dag, og du gjer det på ein av følgjande måtar:

1. Hos kommisjonær:

Skriv ut denne sida og ta med deg utskrifta med strekkoden og spelekortet ditt til ein av Norsk Tipping sine kommisjonærar.

2. Sende SMS:

Send GRASROTANDELEN 980367258 til 2020 (tjenesten er gratis).

3. På internett:

Gå inn på www.grasrotandelen.no eller www.norsk-tipping.no/grasrotandelen/
(Du må ha kortlesar og spelekort for å gjere det på denne måten).

4. Norsk Tipping, Mobilspel:

Start Mobilspel og velg ”Grasrot-symbolet”. Viss du ikkje har Norsk Tipping Mobilspill kan du laste det ned ved å sende SMS med teksten SPILL til 1960.

Meir informasjon finn du på www.grasrotandelen.no. Her vil du også kunne følge med på kor mykje Grasrotandelane genererer for dei enkelte Grasrotmottakarane.

Takk for at du støttar STORDAL IL via Grasrotandelen!

Organisasjonsnummer: 980367258


-- Printa ut frå STORDAL IL si heimeside, www.stordalil.no, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2018 eZ systems as