Stordal IL
Aktivitet veke 4 - påminning & justering
Magne Tøsse  - 23.01.2012

Husk påmeldingsfristen måndag kl.18 vedr fartssamlinga på Bjorli til helga (ref mail igår). TRENINGAR denne veka: Som oppsatt TIRSDAG SL og ONSDAG SSL. Treninga torsdag går ut pga reise/forberedelse til fartssamlinga for dei fleste.


Fantastisk avslutning på fartsuka på Hafjell med 3.,4. og 5.plass til våre tre juniorer!
Magne Tøsse  - 22.01.2012

Våre tre juniorer som har deltatt på Fartsuka 2012 på Hafjell denne veka - Ingrid, Erika og Vegard - har både overraska oss og imponert oss med sine mange topp-plasseringer. I dag var det Super-G og høyr berre på desse resultata : Erika nr 3, Ingrid nr 4 og Vegard nr 5 i herreklassa! Sjølv den sindige og jordnære trener Erik Skaslien måtte idag innrømme at prestasjonane til dei tre elevane hans har imponert også han. Erika som fredag køyrde 3.raskast av alle damer i utfor, og som idag igjen kaprer 3.plassen, Ingrid som har plukka med seg 3 av 3 mulege medaljer i det innlagte NM for Junior I, og i tillegg idag slo til med imponerande 4.plass uansett alder blant damene! Og så må vi ikkje gløyme Vegard som tidlegare i år har tatt 3 FIS-sigrar i slalåm. I dag presterer han ein 5.plass blant dei 100 startande herrane og då snakker vi om fart og Super-G! Og vi minner om prestasjonen hans fredag under kombien, då han hadde nest beste tid av alle i slalåmdelen. Imponerande! Vi gratulerer dei alle, inkludert trener Erik Skaslien med suksessen på Hafjell og takker dei for måten dei representerer og profilerer Stordal Alpin på. Vi er stolte av dokke!


Kristiane Nakken kretsmester i slalåm på Molde søndag
Magne Tøsse  - 22.01.2012

Kristiane vann J14-15 år framfor Andrea Vinje Tøsse med Kine Kvammen Tøsse på 3.plass. Dermed vart det KM-medaljer til alle dei tre. Jørgen Larsen Stavseng tok ein flott 3.plass i G11 år. Utover dette var det fleire 4.plassar og gode resultat av resten av Stordalsgjengen, så vi ber folk sjå på resultatlistene for LANG LØYPE og for KORT LØYPE . Bilder frå søndagens slalåmrenn og frå laurdagens storslalåm på Molde er no lagt ut i bildegalleriet vårt Der kan du sjå nærmare på dei mange flotte løparane som vi har i klubben vår. Den store Stordalstroppen på over 40 personar - inkludert 25 løparar - fekk to fantastisk flotte dagar i sola på Tusten! Slik vil vi gjerne ha det resten av vinteren!


Bilder frå søndagens slalomrenn på Tusten også på plass
Hallgeir Hove  - 23.01.2012

Då kan vi presentere nokre bilder også frå det flotte slalomrennet på Molde. I menyvalet til venstre finn du alle galleria våre, fordelt etter sesongar. Sjølv om vi ikkje har med bilder av alt og alle, kvar gong, håper vi det vil vere kjekt å ta ein kikk.


Mange flotte prestasjoner under storslalåmrennet i Molde laurdag
Magne Tøsse  - 21.01.2012

Heile 6 pallplasseringer i dagens renn av Stordalsløparane. Kristiane Nakken vann J14-15, der Kine Kvammen Tøsse tok 2.plassen. Jørgen Larsen Stavseng tok 2.plassen i G11 og Mathilde V Øvrebust 2.plassen i J 12-13. Julie O Almås tok 3.plass i J12-13 og Andrea Vinje Tøsse vart nr 3 i J 14-15. I denne klassa var det Stordalsjenter på dei seks første plassane! I dei yngre klassene utan rangering var det mykje bra å sjå av våre ferskaste løparar. Søndag er det slalåm på programmet med innlagt Kretsmesterskap for alderen 12 år og eldre. Vi gratulerer Rival/MOI med eit flott arrangement under meget gode bakkeforhold og fint ver. Resultat lang løype . Resultat kort løype .


VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel