Stordal IL

Kretssamling for 70 alpinistar på Bjorli
Magne Tøsse  - 09.12.2011

Laurdag og søndag er det klart for kretssamling på Bjorli. Stordal stiller som vanleg med ein fyldig tropp. Vi bur på Kråkeslottet denne gongen. Oppmøte laurdag er i Varmestova kl.09.45 for kort info og gruppeinndeling. Neste veke starter vi opp treningane i ArenaOverøye . Vi kjem tilbake med info om dette seinast måndagen. Treningsplan for resten av året 2011 inkludert romjula, vert også framlagt då. Men først vert det samling på Bjorli!


Middels dag for FIS-gjengen
Magne Tøsse  - 09.12.2011

Erika tok ein 12.plass på Geilo, men var ikkje nøgd verken med plasseringa eller med prestasjonen. Ingrid vart nr 44 og Kristina vart desverre diska i sitt åpningsrenn. Heile 104 jenter stilte til start. Det er nytt slalåmrenn idag fredag .Der deltek også Vegard som igår køyrde E-cuprenn nr to i Trysil. Krevande forhold men han kom seg i mål begge omgangar. Han har desse to dagane fått med seg masse erfaringer kring det å konkurrere på dette nivået. I går kveld slutta han seg til jentene på Geilo og deltek altså på renna der fram til søndag Resultat Trysil Resultat Geilo


Vegard ut i første renn - ny sjanse torsdag
Magne Tøsse  - 08.12.2011

I onsdagens debutrenn i E-cupen måtte Vegard desverre ut allereie i første omgang. Han hadde start nr 82 og vel halvveis i løypa rauk han ut i ein "vertikalkombinasjon" iflg pappa Ole som sammen med mor Lise var ringside i Høgegga i Trysil. Også Totto Staurset frå Rival rauk ut idag, medan Sebastian Solevåg frå Spjelkavik tok ein fin 13.plass i det sterke selskapet. RESULTATER onsdag . Men torsdag kl.10.00 er det nytt renn og vi håper Vegard har betre klaff då. Han har start nr 82 medan Sebastian har nr 10 og Totto nr 42 i det 90 mann sterke feltet. Treningskollega frå Bjorli sist helg Ben-Robin Myklevold (Narvik) har nr 69.

FØLG RENNET LIVE HER frå kl.10.00!


Ingrid, Erika og Kristina køyrer FIS-renn på Geilo torsdag-søndag
Magne Tøsse  - 08.12.2011

Medan Vegard er i Trysil er jentene og trener-Erik no komne til Geilo for 4 nye dager med SL og SSL på programmet. For Kristina Maridal (15) er dette debuten i juniorklassa/FIS-systemet! Vi ønsker henne spesielt lykke til med sitt aller første renn på dette nivået! For Ingrid og Erika er dette 3.renn for sesongen, og begge er lystne på å prestere endå betre enn sist. Heile 110 jenter/damer stiller til start i renna på Geilo noko som er svært gledeleg for norsk dame-alpin... Resultata finn du her etterkvart...

Vi ønsker alle våre 3 lykke til!!


VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel