|
|
 |
Juniorane på veg til nye konkurransar i Sverige
Magne Tøsse
- 15.12.2011
Våre 4 FIS-løparar - Vegard Erika Ingrid og Kristina - er saman med trener Erik Skaslien på veg mot Funäsdalen i Sverige. Etter tre treningsdager på Geilo skal dei idag bevege seg mot Rorøs, over svenskegrensa og til Funäsdalen og delta i tre FIS-renn i storslalåm. Fredag, laurdag og søndag går renna som du kan følge med LIVE-timing her . Rennstart damer kl.09.00 og 11.00. Herrer kl.12.40 og 14.40. Meir info hos Funäsdalen slalomklubb . Resultater på FIS sine sider . Vi ønsker alle våre 4 lykke til i konkurranse med "søta bror"!!
|
|
|
Treningstilbud torsdag laurdag og søndag
Magne Tøsse
- 15.12.2011
Det har vore en del usikkerheit vedr treningstider på heimebane, både pga forholda og litt andre ting. No er det klart at vi trener torsdag 15.12 kl.18 til 20 (ref SMS igår kveld). Laurdag trener vi kl.12 - 15, og søndag kl.10 - 13. Alt vil foregå i familiebakken eller frå "firefemmå" og det vert SL-trening. Alle aldersgrupper kan møte. Neste veke er ikkje heilt klarlagt enno, men vi vil prøve å få til tirsdagen og torsdagen. Vi vil og forsøke å ha klar ein treningsplan for romjula i løpet av komande helg. Velkommen til trening på heimebane i Arena Overøye !!
|
|
|
Erika med fin 7.plass på Geilo laurdag
Magne Tøsse
- 12.12.2011
I helgas 2 storslalåmrenn var det Erika H Tøsse (18) sin 7.plass laurdag som varma mest. Dette var Erika sitt nest beste FIS-renn nokon gong i storslalåm og dermed forbetra ho punktane sine i denne disiplinen. Ho var 4.beste norske jente av dei totalt 111 som stilte til start. Ingrid Busengdal (16) hadde sitt beste renn søndag med ein 31.plass medan ho laurdag vart nr 41. Kristina Maridal (15) som debuterte i FIS-klassa vart nr 63 søndag og 81 laurdag. Då er den tøffe debuten i "voksenklassa" unnagjort for Kristina og ho kan senke skuldrane i renna framover. Vegard Busengdal (18) tok ein 37.plass blant dei 140 herrane i laurdagens renn, medan han køyrde ut i søndagens renn. Fredagens sterke 8.plass i slalåm var topp-prestasjonen til Vegard denne gongen.(sjå artikkel i laurdagens Sunnmørspost) Her er komplette resultat frå Geilo-renna ...
|
|
|
Galleri frå helgas kretssamling på plass
Hallgeir Hove
- 12.12.2011
Over 20 løparar frå Stordal Alpin var med på kretssamlinga på Bjorli, laurdag 10. og søndag 11. desember. Tilsaman var det nærmare 70 alpinistar frå klubbane i kretsen med, i tillegg til 17 trøndarar frå bl a Freidig og Oppdal som også trente saman med oss. Vi har laga eit lite galleri, slik ein kan sjå våre løparar i aksjon i storslalomløypene. Menyval til venstre eller følg linken her ...
|
|
|
Vegard med flott 8.plass på Geilo fredag
Magne Tøsse
- 10.12.2011
Erika Tøsse nr 14 i dameklassa. Vegard Busengdal vart 5.beste norske løpar i fredagens FIS-slalåm på Geilo og 8.plass totalt i rennet. 3 svensker var også før han på lista, men dette var meget bra av Vegard! I herreklassa deltok heile 140 løparar og i dette selskapet vart altså Stordals Vegard nr 8! Gratulerer! Ingrid Busengdal vart nr 37 i dagens renn medan Kristina Maridal vart nr 62. Totalt 100 damer på start. Laurdag og søndag er det klart for to storslalåmrenn. Resultata for dei renna og dagens renn her ....
|
|
|
|
|
|