Stordal IL
Vegard leder FIS-rennet på Hafjell etter 1.omgang!!
Magne Tøsse  - 19.12.2011

Etter kanonkøyring i den første omgangen leder Vegard dagens FIS-renn i slalåm på Hafjell! Har skaffa seg ein ledelse på 0,63 sek framfor verdens beste rankede 94-årgang Henrik Kristoffersen. Vi følger meget spent med når finaleomgangen skal igang kl.12.30. Den kan du følge LIVE her . Klikk så vidare på linken til høgre i blått der det står LIVE. Vegard har start nr 30 og er i løypa ca 12.45...


Måndag morgon køyrer Vegard nytt FIS-renn på Hafjell
Magne Tøsse  - 18.12.2011

Følg Vegard LIVE her når han starter i FIS-slalåmen kl.10.00 måndag. Han har start nummer blant dei 15 første, og er rangert som nr 12 av dei totalt 140 herrane som stiller til start på Hafjell. Det er renn både måndag og tirsdag og begge renna kan du som sagt følge via live-timingen. Etter den sterke prestasjonen Vegard stod for i Sverige søndag, er vi no spente på kva han kan slå til med i slalåmen. Lykke til Vegard!


Vegard med meget sterk 2.plass og Erika flott 6.plass i Sverige
Magne Tøsse  - 18.12.2011

Knallbra avslutning på renna i Sverige for våre juniorar. Vegard fulgte opp den meget sterke andreomgangen igår med to flotte omgangar i søndagens renn. Dette holdt til ein svært sterk 2.plass i rennet som vart vunne av svenske Bjørn Hedman. Heile 120 herrer stilte i klassa. Erika tok nok ei plassering blant dei beste idag med 6.plass, og dermed har ho 6., 7. og 8.plassar i dei tre renna i Funäsdalen. Ingrid vart idag nr 31 og Kristina nr 70 av dei totalt 110 damene. RESULTAT SVERIGE . No dreg Vegard og trener-Erik til Hafjell der Vegard skal delta på 2 FIS-slalåmrenn måndag og tirsdag, medan jentene kjem heim seint søndag kveld.


Vegard med beste omgangstid i FIS-rennet laurdag!
Magne Tøsse  - 17.12.2011

Vegard imponerte i Funäsdalen laurdag med ein 19.plass i den 140 store herreklassa. Det som imponerte mest var 2.omgangen der han var raskast av samtlege herrer! Vi kjenner Vegard som ein slalåmspesialist men idag viste han at storslalåmforma også er stigande... Erika tok ein ny flott plassering med 8.plass i dameklassa der 128 løparar stilte. Også Erika hadde ein meget god finaleomgang. Ingrid vart nr 49 og Kristina 95. Løparar frå Sverige, Finland og Norge stilte til start. Søndag går siste rennet som du kan følge live her frå kl.09.00. Resultater alle renna i Funäsdalen finn du her....


Erika med fin 7.plass og Vegard 25 i Sverige
Magne Tøsse  - 17.12.2011

Erika tok ein fin 7.plass i fredagens storslalåmrenn i Funäsdalen i Sverige. Vegard plasserte seg også høgt oppe på lista i herreklassa med ein 25.plass. Det deltok heile 140 herrer og 128 damer frå Norge, Sverige og Finland i rennet. Ingrid vart nr 43 og Kristina nr 94.


VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel