Stordal IL
Romsdalseggen vart forsert på søndagen!
Hallgeir Hove  - 31.08.2010

Det var ikkje noko å seie på utfordringane som møtte deltakarane på kretssamlinga i Rauma. På programmet siste dagen stod nemleg også den relativt tøffe og ekstreme turen frå Vengesdalen og til Åndalsnes. Dermed la dei tøffe alpinistane i veg og forserte Romsdalseggen, ei rute som både er lang (6-7 timar) og ikkje minst luftig! I tillegg må ein trygt kunne hevde at det vart ei storslått naturoppleving for dei.


Stelvio Italia: Ny fin dag på brèen
Magne Tøsse  - 30.08.2010

Ny oppdatering frå Erik og hans tre disipler finn du under......


Fantastisk søndag for våre løparar i Italia!
Magne Tøsse  - 29.08.2010

Knallforhold på dagens trening. Oppsummering frå Erik S av dag 1 og dag 2 finn du lenger nede i artikkelen. Erika, Vegard, Jørgen og trener-Erik har det berre supert i italienske Stelvio. Samlinga skal pågå fram til 10.september. Vil du sjå korleis dei har det på 3.250 m.o.h. kan du sjekke web-cam for breen i Stelvio. Her finn du overnattingsstaden Hotel Sertorelli Vi venter på bilder frå Vegard i løpet av måndgas kvelden....


Topp samling på Setnesmoen!
Hallgeir Hove  - 29.08.2010

Liten tvil i at skikretsen si samling på Åndalsnes, svarar til forventningane. Etter at dei to første dagane er ferdige, har deltakarane lært mykje, fått prøve ut heilt nye aktivitetar og ikkje minst hatt det topp sosialt saman.


Erika, Vegard og Jørgen på veg til Italia idag!
Magne Tøsse  - 27.08.2010

Toppidrettslinja med 14 dagers skisamling i italienske Stelvio, saman med Oppdal skigymnas. Erik Skaslien er sjølvsagt med som trener. Vi kjem med rapporter og kanskje nokre bilder frå dei 4 utover i neste veke.


VÅRE SPONSORAR






Arena Overøye
Motorforum
Stordal Møbler