Stordal IL
Vegard med kanonomgang og 8.plass i Sverige!
Magne Tøsse  - 03.01.2012

Vegard (f.93) hadde nest beste tid i finaleomgangen og var kun 18 hundredeler bak den svenske vinnaren Tim Lindgren (f.89). Totalt vart han nr 8 av dei 78 herrane og forbetra samstundes FIS-punktane sine i SSL med fine 32,92. Erika køyrde ut i dagens renn, medan Ingrid vart nr 25 og Kristina nr 34 av totalt 58 startande jenter. Kristina har idag og igår køyrd seg ned med 30-40 FIS-punkter noko som gjer at ho etterkvart vil få betre startposisjon i komande renn. Resultater Åre . I kveld har gjengen køyrt frå Åre til Oppdal der det er nytt renn allereie i morgon tidleg kl.09...


Erika 11 og Vegard 21 i Sverige måndag
Magne Tøsse  - 03.01.2012

Ingrid 27 og Kristina 36 av tot 58 damer. Både Vegard og Erika med god 2.omgang! Følg nytt renn tirsdag kl.9 på samme linken (sjå forrige reportasje). Samme tidsplan som igår...


Følg Erika, Vegard, Ingrid og Kristina DIREKTE frå Åre i Sverige måndag frå kl.09.00!
Magne Tøsse  - 02.01.2012

Du kan følge med på timingen direkte når våre 4 juniorløparar stiller til start i VM-løypene i Åre måndags morgon! Damene starter kl.09.00 med 2.omgang kl.10.50, medan herrane starter kl.12.30 og 14.30. På infosida til Åre SLK finn du alt kring dei to storslalåmrenna som går måndag og tirsdag. Erika har start nr 13, Vegard nr 22, Ingrid 31 og Kristina nr 51. Trener Erik Skaslien er som vanleg på plass saman med løparane, og er også tildelt rolla som løypesetter for herrane si 2.omgangsløype. Det stiller 79 herrer og 58 damer til start. Frå onsdag til søndag flytter våre seg til Oppdal til endå fleire FIS-renn... Vi ønsker LYKKE TIL i Åre til alle 5!!


Treningar veke 1
Magne Tøsse  - 02.01.2012

Denne veka trener vi slik: Tirsdag kl.18-20.30 : SL - alle årsklasser. Onsdag kl.18-20.30 SSL (evt SL) årsklassene født 2003 og eldre. Fredag er det avreise til Bjorli for dei fleste, der renna går på laurdag og søndag. Neste trening på heimebane vert tirsdag 10.jan. Evt endringer som kan kome vil verte varsla på treningane, via SMS og meddelt her på heimesida samme kveld.


Godt nyttår!..og varetellinga på Joker og Coop vel gjennomført
Magne Tøsse  - 02.01.2012

Godt nyttår alle lesarar! 12 timar ut i det nye året stilte ein haug med foreldre og løparar til varetelling på JOKER Jørgen Vinje AS , og hos Coop Marked Stordal. Begge desse lokale butikkane er viktige støttespelarar for Stordal Alpin, og som ein del av samarbeidsavtalen stiller Alpingruppa med folk til hovedvaretellinga den 1.januar kvart år. Vi takker for det gode samarbeidet!


VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel