|
|
 |
Endeleg SESONGSTART for våre yngre løparar!
Magne Tøsse
- 05.01.2012
Laurdag og søndag er endeleg konkurranse-sesongen igang på kretsnivå. Rauma Alpin er arrangør i bakkane på Bjorli, med storslalåm laurdag og slalåm søndagen. Stordal Alpin stiller med heile 23 alpinistar i alderen 9 til 14 år. Vi bur på Bjorligard og vert tilsaman ein tropp på nærmare 40 personer! Info om romfordeling og matlaging er utsendt på mail. Det er oppmøte ved varmestova kl.09.30 med utdeling av startnummer og felles besiktigelse av løypa. Rennstart er satt til kl.10.30. NO GLEDER VI OSS TIL RENN!!!
|
|
|
Erika nr 8 i dagens storslalåm på Oppdal
Magne Tøsse
- 05.01.2012
Ingrid vart nr 33 av dei 85 damene. Kristina vart nr 55. Vegard rauk ut allereie i første omgang idag. Det samme gjaldt Stranda-gutane Magnus og Christoffer. Nytt renn fredag morgon, så følg linken øverst i hovedmenyen for "live-timing"...
|
|
|
Følg FIS-renna på Oppdal "live" her frå kl.09.00 onsdag morgon
Magne Tøsse
- 03.01.2012
Vegard, Erika, Ingrid og Kristina har i kveld innlosjert seg på Oppdal, og om nokre timar stiller dei til start i Stølen-løypene til nye FIS-konkurransar. Etter 2 renn i Åre i Sverige blir det no mest norske konkurrentar dei neste dagane, der første sjanse er allereie kl.09 onsdag morgon med slalåm på programmet. Du kan lese alt om renna på Oppdal her , med detaljert program, deltakerlister, resultater og ikkje minst kan du følge våre 4 håpefulle direkte med "livetiming" Erika er først ut med start nr 13, Ingrid har fått nr 18 og Kristina 53 av dei totalt 63 damene. I herreklassa starter Vegard allereie som nr 3 der det deltek totalt 98 løparar. Også Magnus Mork og Christoffer Ryste frå Stranda er med på hhv start nr 87 og 95. Starttider er kl.09.00 og 11.00 for damene, og 09.50 og 11.45 for herrane. Vi ønsker samtlige lykke til med renna på Oppdal!
|
|
|
|
|
|