Klubbmeisterskap med rekordstor deltaking!
Hallgeir & Magne
- 07.04.2010
Og her er resultatlista. Årets klubbmeisterskap er avvikla og det vart ei flott oppleving for små og store. Nederst i bildegalleriet finn du mange kjekke og artige bilder. Nærare 50 løparar deltok i årets mesterskap som vart arrangert tirsdag kveld på Overøye. Som normalt stor dugnadsinnsats frå foreldra på ulike felt, gjorde dette til ei triveleg økt. Fine løypeforhold, kanonkøyring av løparane og ikkje minst ei flott avslutning på kvelden med grilling og premieutdeling på terassen utanfor varmestova. Takk til alle for ein fin alpinkveld!