Stordal IL
Jørgen med fin 21.plass i torsdagens slalåm på Hovden. Erika 17 i dameklassa
 - 16.04.2010

Jørgen forbetra FIS-punktane sine ytterlegare og har kome ned på 70 punkter i slalåm etter sin første sesong. Det skal han vere godt fornøgd med. Torsdag var han nest beste junior I. Erika kom inn på ein 17.plass i dameklassa men var ikkje nøgd med køyringa. Vegard var desverre uheldig igjen og måtte ut allereie i 1.omgang. Erika og Vegard fortsetter "Vårrunden" med renn på Ål og Hemsedal frå laurdag av, medan Jørgen er ferdig med sine konkurransar for i år og vender nasen heim. Resultat HERRER Res DAMER


Oppdatert heimeside!
Hallgeir Hove  - 15.04.2010

Vi håper at du som vitjar heimesida vår, har fått med deg at vi har samla mykje kjekk informasjon og bilder frå sesongen 2009-2010.


Erika med sterk 14.plass i dagens FIS-slalåm på Hovden! Jørgen 27 blant herrane
Magne Tøsse  - 14.04.2010

Erika gjorde ein flott slalåmkonkurranse i dagens renn, og enda på ein sterk 14.plass blant dei 67 jentene på start. Oppnådde FIS-punkter på 38,87 noko som er ei fin forbetring for hennar del. Jørgen gjorde ein bra 2.omgang og vart nr 27 i herreklassa. Han var 3.beste juniorløpar. Vegard rauk desverre ut i 2.omgang etter ein meget sterk 1.omgang. Nye sjanser for både Vegard og dei andre torsdagen. RES DAMER RES HERRER


Erika 26.plass og Vegard 28.plass i FIS-renna på Hovden
Magne Tøsse  - 14.04.2010

I konkurranse med 61 jenter og 102 gutar. No er det ikkje juniorrenn lengre, så her konkurrerer dei med løparar som er mange år eldre. Vegard forbetra sine FIS-punkter i tirsdagens renn. Måndag vart Erika nr 28. Vegard og Jørgen køyrde då ut. Onsdag og torsdag er det slalåm på programmet. Vi kjem tilbake med resultata derfrå onsdag kveld. Sjå elles meir om våre juniorar under FIS-gruppa i hovedmargen.


Mathilde og Kristiane, klassevinnarar i Sparebanken Møre Cup 2010!
Hallgeir Hove  - 13.04.2010

Mathilde Vinje Øvrebust tok 1. plass i 11 års klassa. I denne klassa kom i tillegg Julie Olsen Almås på 3. plass. Kristiane Nakken tok 1. plass i 12 og 13 års klassa. I tillegg til dette vart det 2. plass til Andrea Vinje Tøsse og 3. plass til Kine Kvammen Tøsse i denne klassa. I klasse 14 og 15 år, vart det 2. plass til Ingrid Busengdal. Kjempeflott prestasjon av jentene! GRATULERER!


VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel