Stordal IL
2 flotte rennhelger i Hemsedal og Sverige står igjen av sesongen!
Magne Tøsse  - 20.04.2010

Komande helg reiser tre av våre yngre løparar til Hemsedal og deltek i årets "Ski4Fun"-arrangement som Osloklubben Heming står bak. Her kjem også dei beste norske landslagsløparane og skal delta! Helga etterpå reiser ein endå større tropp over grensa til Funäsdalen i Sverige og deltek på "Verdens største alpinrenn - 1.maj-trofèen" med nærmare 1000 løparar i alle aldrar! Les meir..


Vegard forbetra FIS-punktane sine med fin 26.plass - Erika nr 15 i søndagens SSL på Ål
Magne Tøsse  - 19.04.2010

Vegard oppnådde FIS-pkt på 60, noko som er hans beste storslalåmrenn så langt i FIS-samanheng! Erika tok 15.plassen blant damene. Ho har betre punkter frå tidlegare. Tirsdag er det klart for Super-kombi i Hemsedal med 1 omgong Super-G og ein omgong slalåm. Lykke til! RES DAMER RES HERRER


Erika forbetra SSL-punktane og vart nr 19 av 75 damer - Vegard nr 37 av dei 137 herrane i dagens FIS-renn på Ål.
Magne Tøsse  - 17.04.2010

Erika middels nøgd med 1.omgang, men god 2.omgang. Nest beste SSL-renn og oppnådde FIS-punkter på 58. Vegard også middels 1.omgang men sterkare 2.omg. Likevel ikkje heilt nøgd med køyringa. Søndag er det nytt SSL-renn også då med sterk deltakelse i begge klasser. Lykke til Erika og Vegard! Resultat DAMER - Resultat HERRER .


Sesonghefte 2009-2010
John Kristian Hjelle  - 17.04.2010

Sesongheftet for sesongen 2009-2010 er no lagt ut.


FIS-renn på Ål for våre - i konkurranse med Aksel Lund Svindal, Kjetil Jansrud og Lene Løset
Magne Tøsse  - 17.04.2010

Laurdag er det SSL-renn på Ål. I herreklassa stiller bl.a. Kjetil Jansrud og Aksel Lund Svindal, som naturlegvis er dei høgast rangerte. På rang.plass 82 av dei 147 herrane finn vi vår eigen Vegard Busengdal ! Også i dameklassa skal Erika H Tøsse måle krefter med bl.a. Lene Løset og fleire av dei aller beste dameløparane i landet. Jørgen V Tøsse deltek ikkje i helga då han har brukt opp rennkvoten sin for i år (førsteårs). Vi ønsker Vegard og Erika lykke til! Rangeringsliste DAMER og Rang.liste HERRER


VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel