Stordal IL
Gull til Mathilde, sølv til både Andrea og Ingrid!
Hallgeir Hove  - 25.04.2010

Etter fredagens strålande resultat av våre tre unge løparar i Hemsedal, er det ikkje til å legge skjul på at vi hadde store forventningar framfor dagens storslalomrenn. Men når meldingane frå Hemsedal "tikka inn" var innhaldet i disse nesten for gode til å vere sant. Mathilde Vinje Øvrebust gjekk nemleg heilt til topps i 11 års klassa og både Andrea Vinje Tøsse (klasse 12-13 år) og Ingrid Busengdal (klasse 14-15 år) køyrde inn til sølv! Her er resultata: SSL søndag SL laurdag


Erika og Vegard med sterke FIS-renn i Sverige og Hemsedal
Magne Tøsse  - 26.04.2010

Erika deltok i Malung i Sverige laurdag og vart nr 26 av heile 127 damer på start. Nest beste slalåmrenn i FIS-samanheng for henne! Vegard køyrde også sitt nest beste slalåmrenn i Hemsedal same dagen og vart nr 28 av 91 løparar. Res Damer Malung Res herrer Hemsedal


Gull til Andrea, bronse til Mathilde og 6. plass til Ingrid!
Hallgeir Hove  - 24.04.2010

Andrea Vinje Tøsse gjekk heilt til topps under fredagens slalomrenn i Hemsedal. Etter første omgong låg Andrea på 2. plass og i andre viste ho seg som den aller sterkaste og sikra gull til Stordal Alpin i klasse 12-13 år. Solid køyring også av Mathilde Vinje Øvrebust gjorde dagen endå betre for Stordal. Etter to gode omgongar vart det 3. plass på ho, i klassa for 11 åringane. Som om ikkje det var nok, køyrde vår tredje løpar i rennet, Ingrid Busengdal, inn til flott 6. plass i klasse 14-15 år. Kjempeflotte prestasjonar!


Erika 23 Vegard 68 i dagens Super-G i Hemsedal
Magne Tøsse  - 21.04.2010

Lotte Seiersted vann dameklassa, medan svensken Hans Olsson tok skalpen på Aksel Lund Svindal og vann herreklassa. Her er resultat damer - res herrer


Erika fin 15.plass i tirsdagens Super-combi, Vegard 51 i SG.
Magne Tøsse  - 21.04.2010

Erika gjorde ein fin kombinasjonsøvelse med å ta 15.plassen, etter å ha vore på 23.plass etter Super-G øvelsen der ho forøvrig betra FIS-pkt sine mykje. Vegard vart nr 51 etter Super-G men rauk ut i slalåmen. Også han forbetra punktane sine i SG. Onsdag er det nytt renn før det er kviledag på torsdag. Den kvelden kjem også våre 3 yngre løparar til Hemsedal og skal køyre renn der fredag. Her er Resultat DAMER Res HERRER


VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel