|
|
 |
Samlingsplan for Stordal Alpin vinteren 2012
Magne Tøsse
- 12.01.2012
Oppdatert samlingsplan/aktivitetsplan for perioden januar til april er no utlagt i hovedmenyen. Her finn du dei viktigaste aktivitetane våre både når det gjeld treningar og rennarrangement gjennom heile vinteren. Både renn i kretsen er tatt med frå terminlista og i tillegg har vi satt inn datoane for dei nasjonale mesterskapa både i barneklassene og for våre juniorar. Rennplanen for FIS-løparane er ikkje med i planen, men vi viser til eiga oversikt på dette i hovedmargen.
|
|
|
Treninga torsdag kveld går ut - korrigert oppsett her
Magne Tøsse
- 11.01.2012
Torsdag går treninga ut. I staden vert det trening i helga for alle aldersgrupper slik:
LAURDAG kl.09 - 10.30 SSL og 11 - 13 SL , SØNDAG kl.12 - 14 SL. Husk også at trekket er åpent fredag kveld og no er det berre lekkert med laussnø-køyring!
|
|
|
Vegard med knallsterk dobbeltsiger i FIS-slalåm på Oppdal!
Magne Tøsse
- 08.01.2012
Vegard gjekk heilt til topps i begge slalåmrenna laurdag og søndag på Oppdal! Vi gratulerer han med imponerande køyring, ikkje minst laurdagens utklassingsiger med over 2 sekund er råsterkt. i Storslalåmrennet vart han nr 8 etter 3.beste tid i finalen. Erika tok ein flott 5.plass i laurdagens slalåm og vart nr 8 søndag. I storslalåm tok ho ein sterk 5.plass. Ingrid tok ein fin 10.plass i slalåmen laurdag der Kristina Maridal vart nr 26. Stranda-karane Magnus Mork og Christoffer Ryste tok hhv ein 26.plass og 32.plass i kvart sitt slalåmrenn. 111 herrer og 76 damer deltok. Alle resultat Oppdalsrenna her.
|
|
|
|
|
|