|
|
 |
BRONSE til Ingrid Busengdal i junior-NM!
Magne Tøsse
- 19.01.2012
Ingrid har nettopp tatt NM-medalje under dagens utforrenn på Hafjell! Vi gratulerer så mykje til Ingrid! Også Erika tok ein fin 9.plass i FIS-rennet. Der vart Ingrid nr 19. Og Vegard vart nr 16 i herrer FIS der 117 stilte. Fredag er det klart for Super-kombi med utfor og slalåm på programmet. Følg med vidare på Lillehammer skiklubbs sider der du finn komplette resultatlister utover kvelden og info om morgendagens renn. I kveld vert det feiring av Ingrid sin flotte bronsemedalje og Erika sin 19.årsdag for dei som er så heldige å vere på plass på Hafjell. Vi gratulerer også Spjelkaviks Eirin Engeset med fin 5.plass i gårsdagens jrNM.
|
|
|
Ingrid køyrer utfor-NM torsdag kl.10.30 - Erika og Vegard FIS-utfor
Magne Tøsse
- 18.01.2012
Vi ser med stor spenning fram mot torsdagens utforrenn på Hafjell. Ingrid deltek i NM jr1 og har ifølge trener Erik Skaslien køyrt meget lovande på trening. FØLG rennet LIVE her frå kl.10.30 . Erika og Vegard køyrer i samme rennet men for dei er det ikkje NM (Jr2). Også Erika og Vegard har køyrt meget lovande på treningsrundene seier Erik, så dette skal bli ein spennende dag for våre juniorer. Ingrid starter allereie som nr 3, og Erika som nr 10 blant dei 70 damene. I herreklassa starter Vegard først av alle dei 117 løparane som er på start. Startlister, detaljprogram og resultatlister her på Lillehammer Skiklubbs heimeside . LYKKE TIL ALLE VÅRE!!
|
|
|
Live-timing frå Hafjell frå tirsdag kl.10.15
Magne Tøsse
- 17.01.2012
Måndagen fekk juniorane våre køyrt parti av utforløypa. Tirsdag er det så klart for full løype og det er også klart for "LIVE-timing" . Det betyr at du kan følge Erika, Ingrid og dei andre damene når dei set utfor kl.10.15. Vegard og gutta starter sin første treningsomgang kl.11.20. Truleg vert det 2 gjennomkøyringar tirsdag. Rapportane måndag kveld går på at alle våre har hatt ein fin førstedag og no gleder seg til å starte Fartsveka skikkeleg tirsdag morgon. Erika start nr 5, Ingrid nr 10 av dei 72 startande jentene. Vegard start nr 8 av heile 117 herrer. Startlister, resultater og detaljert program finn du her på Lillehammer Skiklubbs heimeside.
|
|
|
Ingrid, Erika og Vegard klar for Fartsuka på Hafjell
Magne Tøsse
- 16.01.2012
Etter to dager med Super-G-trening på Bjorli ankom dei 3 løparane saman med trener Erik Skaslien til Hafjell søndag kveld.I dag måndag tek dei offisielle treningane til, som skal pågå til og med onsdag. Torsdag er det utforkonkurranse, fredag Super-kombi medan det er Super-G renn både laurdag og søndagen. Vi håper det blir "live-timing" frå torsdag av slik at vi kan følge med våre juniorar under øvelsane. For Ingrid er dette også Norgesmesterskap for JR1 (f.95-96). Meir om Fartsveka her , klikk så vidare på "FIS Hafjell" så får du både startlister, program og resultatoversikter fram.
|
|
|
Utbytterik fartssamling med skigymnaset på Bjorli
Magne Tøsse
- 16.01.2012
Skigymnaset hadde treningssamling på Bjorli som førebuing til Fartsveka på Hafjell som tek til idag. Her var også Hovedlandsløparar (14/15 år) frå klubbane i kretsen inviterte til å delta, og 6 jenter og 7 gutar frå ulike klubber deltok. Søndag vart det køyrt timing og 7 runder i Bøvra. Her kan du sjå bestenoteringane til den enkelte løpar.
|
|
|
|
|
|