Klubbsamlinga på Bjorli denne helga, vart særs vellukka. Det var topp fohold og løparane fekk verkeleg stort utbytte, der Erik Skaslien hadde ansvaret for det sportslege opplegget.
Frost natt til fredag gjorde at Bjorli kunne vise fram ein meget imponerande bakke då ein spent Stordals-gjeng ankom idag tidleg. Etter 5 travle timar i bakken viste knapt spora etter løparane! Veret vart litt småsurt etter lunsj, men det hindra naturlegvis ikkje våre i å stå på økta ut. Stor framgang hos dei fleste utover dagen. No ser alle fram til laurdagen og forhåpentlegvis nok ein fin treningsdag på Bjorli.
20 løparar i aldersgruppa 10 til 15 år klare for årets første samling i Bjorli Skisenter . Det er meldt om gode forhold i bakken, og vi gleder oss alle stort til å komme på ski att! Vi bur hos Anne Cath. på Bjorligard og detaljer kring romfordeling/matlaging samt komplett deltakerliste finn du her. Vi har laga til ein detaljert samlingsplan som alle gjer seg kjent med og tek med på samlinga. Her finn du også litt anna nødvendig info. Velkommen til samling!
Trener frå åpningsdagen tirsdag og 3 dager til og med torsdagen. Skuledag på fredag. Neste veke trening frå onsdag til fredag. Begge helgane trenar løparane saman med klubben. Erik melder om gode forhold i bakken, trass i et par dager med mildver.
Vi ønsker gutta lykke til! Ei spesiell helsing til debutanten og friskusen Markus Nilsen fra Freidig som endeleg får sin W-cup-debut! Startnummera: Jansrud 5, Svindal 12, veteranen Truls Ove Karlsen 24, debutant Nilsen 45 og fjorårets gjennombruddsmann Leif Kristian Haugen 47. NRK1 rennstart 10.00.